"The Pink Robots"
Årets Urørt-vinnarar kviler ikkje på laurbæra, litt over ein månad at dei vann konkurransen leverer dei debutplata.
Gjengen med utgangspunkt i Selje i Sogn og Fjordane starta karriera under namnet Joe Frog, og om ikkje minnet mitt spelar meg eit puss, så var ikkje det så mykje å skrive heim om. Dei spelte her i Florø for nokre år sidan og gjorde ikkje eit varig inntrykk.
Men eit nedbrent øvingslokale og tap av alle låtar og ideer, lagra på ein hardisk som gjekk med i brannen i fjor, gjorde til at bandet steig som fugl Føniks or oska. Med nytt namn og nytt musikalsk uttrykk kunne brannen kallast eit hell i uhellet.
Dette er nemleg noko heilt anna enn det som gjekk under namnet Joe Frog.
Med plata til fjorårsvinnarane av Urørt, Pony The Pirate, friskt i minne så var eg eigentleg litt skeptisk. Ein god vinnarlåt blei ikkje følgt opp med matchande kvalitet på låtmaterialet på debutplata.
No går The Pink Robots litt i same fella her, sjølv om det er ein rad fine låtar. Men ein god del køyrer seg rett og slett fast utan mål og meining.
Lydmessig ligg dei trygt på plassert på 80-talet med sin spretne popmusikk (no er det så mykje som gjer det at ein snart kan byrje å kalle 2000-talet for det nye 80-talet.)
Om alle låtane hadde vore som vinnarlåta "Curly", hadde situasjonen vore ein annan. No er låtane som følgjer denne, "Knife", "Macintosh" og "Pink Robots" i nabolaget til opninga kvalitetsmessig. Men spesielt trilogien "Nothing At All", "Line" og "Big Machine" trekkjer mykje ned her, av di dei blir ståande å stampe utan mål og meining. Det tek seg litt opp etter dette og spesielt halvballaden "Don't You Worry" er fin. Men alt i alt er dette nok ein misbrukt moglegheit, gruppa prøver nok så godt dei kan, men når totalt sett aldri over greitt nok-nivået.