JAGA JAZZIST

"One Armed Bandit"

Publisert 02.02.2010 kl 14:15 Oppdatert 02.02.2010 kl 14:18

Tips ein venn på e-post:

...

Selskap

  • Universal

Det er alltid moro å høyre på Jaga Jazzist. Dette "korpset" er gjennomsyra av speleglede og humør. Dei ni medlemmane er uhyre kompetente musikarar som beherskar eit utal instrument. (På plateomslaget ramsar dei opp bruk av meir enn 50 ulike intrument på denne innspelinga)

Det har gått fem år sidan siste Jaga-plate (What we must - 2005), men det betyr ikkje at medlemmane i gruppa har ligga på latsida, du vil garantert finne namna deira på mange ulike innspelingar desse åra. Men no er dei endeleg ute med album under eige navn. Plata har dei kalla "One Armed Bandit", ei plate som i følgje sjefs-jazzist Lars Horntveth er inspirert av Fela Kuti, Frank Zappa og Wagner, samt lyden frå spelemaskiner. Og det er så absolutt blitt ei mangfaldig plate. Som på fleire av dei tidlegare platene er det eit herleg samansurium av stilartar, frå enkle popmelodiar til tunge passasjar med frijazz og progrock. Ikkje minst det siste er sterkt tilstades på denne plata. Som gamal progrockentusiast finn eg tydelege referansar til heltar som Emerson, Lake & Palmer, Caravan og ikkje minst King Crimson. (Eit resultat av gjennomspelinga av "One Armed Bandit" har vore at eg har funne fram fleire gamle KC-plater, og kan konstatere at desse i høgste grad held mål framleis.) Det er ei sann fryd å lytte til dei mange musikalske innfalla som kjem, flotte melodilinjer med hyppige takt- og temposkifte, i arrangement som til fulle viser kvaliteten til den enkelte musikaren. Det er ei jamt god plate. Skal eg trekke fram eit favorittspor må det kanskje vere "Prognissekonge", og då særleg Line Horntveth sin tuba-solo.

Mykje moro for pengane!

- Stig Reiakvam

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.