"Waltz For Valentines"
Hadde alle låtane til Julie Willumsen vore av same kaliber som opninga "Wonderwoman", så hadde eg sitte her med ein klassikar i fanget. Den låta er ei blanding av Maria McKee, Kathleen Edwards og ein laidback Janis Joplin, og er den suverent beste låta på plata.
Julie Willumsen frå Bø i Vesterålen platedebuterer med hjelp av musikarar som har spelt med folk som Paal Flaata, Vidar Busk og Stephen Ackles. Ho leverer ei fin førsteplate, sjølv om eg føler at ho har meir å gå på.
Opninga er som sagt uangripeleg, "A Smalltown Rose", "New Year" og "Stories" som følgjer er eigentleg ikkje så langt etter. Men ei låt som "The Truth Is" som nok er inderlig og ektefølt, tar litt ut av framdrifta i plata for meg. Litt betre då med den litle reggae-bagatellen "Sweetheart", eit fint stilskifte. "Colour Blue" med si marsjerande skyt også litt over mål med litt for pompøst uttrykk. Ketil Stokkan-gitaren i opninga på "Thankful" set standarden for ei låt som blir litt for ordinær, popmusikk som er veldig fort gløymt, dessverre. Fort gløymt er den litt likegyldige valsen "Cat And Mouse". Piano og fiolin innleiar nok eit kvilesteg som sig sakte frametter, "Heaven Knows" blir litt for døsig. Sjølv om Willumsen syng fint.
Litt meir trykk er det i "Starlight", ein fin halvballade med fine gitarar, orgel og god vokal. Då slit eg litt meir med avslutninga, tittelsporet "Waltz For Valentines" er nettopp det. Ein vals. Med litt for stakkato song, i tillegg tykkjer eg eigentleg at ho kunne late valsen få kvile.
Men alt i alt, sjølv med sine feilskjer, er dette blitt ei fin plate.
Om ho hadde reindyrka poprock-stilen på byrjinga av plata hadde det heile vore fullendt.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir