DAN KRISTOFFERSON

"It's Cold Tonight"

Publisert 27.01.2010 kl 00:42 Oppdatert 27.01.2010 kl 00:42

Tips ein venn på e-post:

...

Selskap

  • Nordic

At ikkje eg (og tydelegvis dei fleste andre) oppdaga denne plata når ho kom ut i fjor haust er synd, dette er nemleg ei særs sterk plate.

Plata som er kvinesdalingen Kristofferson si debut kan karakteriserast som ei blanding av Midnight Choir, Tindersticks, Tom Waits, Antony And The Johnsons og Neil Young. Kristofferson sin alder tatt i betraktning (26 år) er det dette i særs moden og stemningsfull utgjeving, at mannens musikkinteresse vart vekt i ein alder av 10 år av ein Elvis-kassett finst det berre små teikn til her.

Generelt for plata kan det seiast at det er mykje rolege låtar med fine stemningar, heilt glimrande til den mørke årstida vi er inne i no.

Det ein kan høyre er ein artist med god kontroll over låt- og tekstskrivar evnene sine og ein framifrå stemmeprakt. At mannen har Lillebjørn Nilsen som ein slags mentor er heller ikkje lett å høyre sjølv om same mann deltek på plata som felespelar med stort hell på mellom anna opningslåten "These Times". Same låt har også eit orgelspel kapabelt til å gi deg bakoversveis.

Den litt tunge opninga blir tatt ned att på andrelåten, "Disgrace". Ein widescreengitar, bass, fele og Kristofferson si sterke stemme i sentrum. Dandert med overjordisk koring.

"To See His Love Again" hentar inn igjen trommene og instrumenterer igjen låten tyngre, denne plata får meg etter kvart til å skjøne at eg saknar Midnight Choir.

Byrjinga på "I Believe" tek det heile heilt ned att igjen med eit nake piano under vokalen før resten av bandet kjem inn og leverer ei tung ballade.

Tempoet aukast litt på "Golden Dreams", noko som hevar den allereie gode variasjonen på plata endå eit hakk. Låten avsluttast med ein fin gitarsolo.

Pumpeorgel må jo sjølvsagt vere med, i starten på "Waiting Just For You" er det nettopp dette som blir brukt før resten av kompet kjem inn. Og igjen blir det nytta ein heilt nydeleg koring.

Ein tittel som "In Loving Memory" kan tyde på litt alvorlegare og sakralt innhald. Låten byrjar med eit piano, men får etter kvart følgje av resten av kompet. Og atter ein gong ein sterk vokal på toppen.

"A Cure" finn tilbake til stemninga vi hadde på opningslåten, ein forholdsvis tung gitar i botnen av kompet tilsett orgel og fine kåringar. Sjølv om tittelen "I'll Start Again" skulle få ein til å tru noko anna, så held fram denne låten berre den gode stemninga eg allereie har fått, og avsluttar med ein rivande gitarsolo.

Plata fram til no har vore ganske einskapleg men likevel variert. Kanskje ganske passande då og ta det i ein ny retning på siste låten "It's Cold Tonight", den er faktisk ganske countryfolk og eigentleg litt forskjellig frå resten. Med fela til Lillebjørn i spissen og ein smakfull trombone får vi eit lite stilbrot, men det er framleis ikkje problem å gjenkjenne Kristofferson sin utruleg sterke stemme.

Og nok ein gong må eg berre seie at denne plata fortener eit større publikum og ein større merksemd enn ho har fått til no.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.