WIG WAM

«Non Stop Rock'n Roll»

Publisert 27.01.2010 kl 00:38 Oppdatert 27.01.2010 kl 00:38

Tips ein venn på e-post:

...

Selskap

  • Bonnier Amigo

Eg funderte litt på kvifor denne gjengen held på med dette enno, på si tredje studioplate høyrast dei ut som dei har gjort på dei føregåande. Og no merkar eg at blir uvel av å høyre på dette her.

Gruppa som gjerne ser på seg sjølve som ein institusjon innan den norske rockescena, på glamrockavdelinga. Og dei er sikkert dødsens seriøse på det dei driv med, det høyrest i alle fall sånn ut. Det skal dei ha.

Gutane med bakgrunn frå Dream Police, Sha-Boom og Ole Evenrude og som vinnarar av den Norske Melodi Grand Prix-finalen i 2005 har ikkje tidlegare levert bidrag av verdi. Dei oppheld seg i den verste puddelrocken frå 80-talet (å kalle dette glamrock er elles ei fornærming mot sjangeren, spør du meg) og leverer sjølvsagt heller ikkje denne gongen noko av varig verdi. At vokalisten har fått ein av hovudrollene i det forskrekkelege Korslaget på TV2 seier eigentleg meir om det enn om gruppa.

Her får vi låtar med spørsmål om eg har lyst til å smake DET (nei, takk), vegger som kjem ned, om ville personar, at vi skal bli med alle saman (eg blir her, trur eg), mannen i månen, at vokalisten framleis brenn, alt eg ønskja meg (pøh, akkurat som han veit det), rock'n roll som aldri sluttar, frå her (powerballade, plukk fram lighterane og tenn på denne plata), rakett gjennom hjartet (på vokalisten, altså) og om å jage regnbogar. Sistnemnde er like fornuftig som å tru at du finn noko av verdi på denne plata.

Trur ikkje det blir verre i år, nei.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.