PONY THE PIRATE

”This Is Our Psychopedia!”

Publisert 25.01.2010 kl 23:54 Oppdatert 25.01.2010 kl 23:54

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Solveig Selj

Selskap

  • Sony Music Norway

Fjorårets Urørt-vinnarar og Sognefjordens stoltheit albumdebuterer etter å ha gjeve ut nokre kritikarroste singlar.

Og atter ein gong skal vi i lyd- og sjanger attende til 80-talet, breidbeint pompøs popmusikk representert tidligare her på berget ved spesielt Superfamily, Lukas Kasha og The School (dog utan førstnemnde sine synthesizer-eksessar), og internasjonal indierock personifisert av Arcade Fire. Og då blir spørsmålet om det blir like interessant å høyre på Pony The Pirate som dei nemnde banda.

Svaret til det blir nok nei. Eg tykkjer dette blir for stivt og statisk (noko som eg opplever meir enn nok til dagleg sjølv, takk skal du ha!), og mangelen på dei heilt store låtane rettar ikkje opp dette inntrykket.

Det byrjar greitt med singelen "Psycopedia", ein heseblesande undertreminutterssak som eigentleg berre ståt i ro og trør vatnet, litt betre då med "777". For så vidt like heseblesande, "Sing" (OK, om de byrjar å roe dykk ned, skal eg slutte å bruke det ordet..der.), ei låt som heller ikkje går nokon stad. Det gjør derimot "Broken", litt større variasjon i tempo og melodi. Men på "Daisy" er det attende til det meir uinteressante, litt for pompøs vokal og ei låt som står i ro. Den tidlegare singelutgitte "Walk The Shame" er nok noko av grunnen til at dette bandet blei oppdaga og er platas beste låt med si fine variasjon i vers og refreng. Den er i tillegg så kort at den sluttar før ein rekk å gå lei.

Tempoet blir senka litt på "Treetop" og for variasjonen på plata er dette sunt, ei fullt ut godkjend låt. OK, no tenkte eg ikkje å bruke ordet heseblesande fleire gongar, men "My Child" gjev meg ikkje noko val. Kanskje litt variert, men framleis såpass vilter at den stort sett får karakteristikken heseblesande. Platas tøffaste intro med ein gitar som har eit snev av Barbie Bones si "Town Called Coma" startar "Brother" ei av dei betre låtane her, avslutninga "The Sun" er heilt OK, men ikkje noko meir.

Alt i alt må eg berre seie at eg blei litt skuffa, dette er ei gruppe som gjerne vil. Men dei prøvar så hardt at det til tidar berre blir slitsamt.

Betre lykke neste gong.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.