Fruktcocktail

MOTORPSYCHO

"Heavy Metal Fruit"

Publisert 21.01.2010 kl 11:22 Oppdatert 21.01.2010 kl 11:23

Tips ein venn på e-post:

...

Selskap

  • Rune Grammofon

Ny plate frå Trondheimsheltane og meir enn nokon gong tidlegare føler eg at eg sitt lemlesta, for ikkje å seie sundslegen, attende.

Årets utgjeving er den tredje med den "nye" trommeslagaren Kenneth Kapstad og det førebelse høgdepunktet i trilogien som starta med "Little Lucid Moments" i 2008. Det var i byrjinga snakk om at denne plata også, til liks med fjorårets "Child Of The Universe", berre skulle ut på vinyl. Men ho ligg føre no på alle format, inkludert nedlasting.

Og som eg skriv innleiingsvis er ikkje dette noko for dei som forventar underhaldning av det lett tilgjengelege slaget, det er til tider ganske rått og brutalt.

Dei har denne gongen auka opp lengda på låtane, sistesporet er over 20 minutt langt. Men akkurat det slår ikkje ut i negativ retning denne gongen. Til liks med i fjor har dei levert ei plate med ein låtkvalitet som gjør at dei kan sleppe unna med kva som helst.

"Starhammer" byrjar så stille og forsiktig at du ei lita stund lurar på om det er ein låt der, men etter ca. eit og eit halvt minutt durar dei i gong. Med ei låt som etter kvart utvidar stor variasjon frå den tunge gitardrivne stonerrock opninga, via det vare mellompartiet der dei høyrest rimeleg Pink Floyd-inspirert ut (tidleg, tidleg 70-tal) som byggjer seg opp til ei avslutning som er lik byrjinga.

På "X-3 (Knuckleheads In Space) The Getaway Special" aukar dei tempoet og serverer ein låt med eit lydbilete som sneiar innom ein spectorsk lydvegg med akustiske gitarar og eit manisk piano. Dei let deg tru det er slutt etter nesten 5 minutt, men då berre halde fram dei med ein lett jazzinspirert jam med ein trompet sentralt i lydbiletet som varar i 4 minutt til.

Boogie (nesten) får vi i starten på "The Bomb-Proof Roll And Beyond (For Arnie Hassle)", den går over i noko ein kan karakterisera som west-coast. Avløyst av noko som liknar på frijazz midtvegs før dei igjen hankar det heile inn mot slutten. Og avsluttar det heile tilbake på west-coastsporet, ei nokså ekstrem utgåve av sjangeren vel å merke. Trur nok surfebretta hadde floge vegg i mellom om kjernepublikummet til denne musikken i 70-tals California hadde blitt utsett for dette.

Og for berre å understreke at denne gjengen gjer akkurat kva dei vil er jo sjølvsagt "Close Your Eyes" noko heilt anna. Her snakkar vi om ein roleg og var låt der vokalen stort sett er akkompagnert av eit piano.

Men som vanleg varer det ikkje lenge, "W.B.A.T." køyrer opp att tempoet og hiv seg i jazzen igjen. I alle fall i litt over 3 minutt, då er vi nok ein gong i stonerrock-land. Malande Motopsycho-rock av klassisk kaliber med ytterlegare instrumentering som kassegitarar og keyboards mot slutten.

Platas magnum opus kjem til slutt og varer i over 20 minutt. No hadde ikkje eg heilt sansen for ein så lang låt når dei gjorde det på "Little Lucid Moments", men "Gullible's Travails (Pt 1-4)" varar ikkje eit sekund for mykje. Låten er ei suite i fire delar der første del er standard Motopsycho-PinkFloyd-stonerrock, andre del er rolegare og ligg meir i tidleg, tidleg 70-tals Pink Floyd-leie. Ein forsiktig tempoauke blir introdusert på del tre, malande, inneslutta, syrete og intens. Ei reise som leier oss fram til del fire der vi får utløysinga i ein stor melodiøs finale med ein gitar verdig David Gilmour i sentrum innhylla i strykarar og keyboard. Ei gigantisk avslutning på ei stor plate.

Plata er produsert av bandet saman med Kåre Vestrheim (Locomotives, Odd Nordstoga, Marit Larsen) og blitt til med hjelp frå Hanne Hukkelberg og Mathias Eick (DumDum Boys, BigBang, Turbonegro).

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.