"Songs Of The Eartbound Weep"
Engelskmannen Mark Gregory, medlem av det kritikerroste Trondheims-baserte bandet Chronicles og bakmann for mellom anna Åge Aleksandersen, Håkon Gebbhart (Motorpsycho), Marthe Valle, Ida Jenshus, HGH, Midnight Choir og Cadillac, som fiolinist, vokalist og gitarist.
Han solodebuterar her i ein alder av 53 år med ei i plate singer/songwriter-tradisjonen, berre akkompagnert av sin akustiske gitar. Noko som tilseier at vi har med ei naken, personleg plate å gjere.
Han nemner inspirasjonskjelder som Nick Drake, Bob Dylan, John Martyn og Robert Johnson, noko som er lett å høyre i musikken. Ein kan enkelt seie at mannens musikk er ein miks av desse artistane, alt halde i eit heilt akustisk leie.
Gregory når ikkje heilt opp i same klasse som dei før nemnde (kven gjer eigentleg det?), men det er blitt ei fin plate som passar godt til mørke vinterkveldar med mannens behagelege stemme, fine gitarspel og gode tekstar.
"Borrowed World", "Shoeshine Boy", "Cold February" og "The Labourers Lament" er alle låtar av så høg kvalitet at det rettferdiggjer ei investering i denne plata.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir