DRIVIN 'N' CRYIN'

"The Great American Bubble Factory"

Publisert 24.11.2009 kl 20:37 Oppdatert 24.11.2009 kl 20:39

Tips ein venn på e-post:

Dette er for meg årets beste plate!
...

Selskap

  • Vintage Earth Music

På sin første plate på 12 år er Athensbandet skarpare enn nokon gong.

Bandet som best kan karakteriserast som countryfolk-utgåva av band som MC5 og The Stooges gjekk opphavleg i studio 10. september 2001 for å starte innspelinga av denne plata. Men på grunn av det som skjedde dagen etter fann dei ut at USA ikkje var klar ei plate med litt samfunnskritiske tekstar og la det heile på is til i år.

Nokre av låtane som blei innspelt for åtte år sida blei brukt som demoar til denne utgjevinga, tre av dei er med som bonusspor på den doble vinylutgåva. Mellom anna ei fin versjon av "Let It Be".

Drivin 'N' Cryin' har ein frontmann med ein gudsbenåda stemme og glimrande evnar som låtskrivar i Kevn Kinney (ja, han skriv førenamnet sitt sånn). Mannen som aldri har lagt på latsida som soloartist, heller. Han har bortimot 10 utgjevingar på samvitet under sitt eige namn.

Dette som er bandets åttande utgjeving fall fint inn i rekkja saman med dei føregåande utgjevingane og læt eigentleg som dei alltid har gjort. Og denne gruppa er vel bortimot den einaste som kunne karakteriserast som eit "hårband" på 80-talet med utgjevingar som ikkje har falma i det heile. For dei hadde litt lengre hår tidlegare, og Kevn Kinney har også rukket å bli bestefar sidan sist.

Det som eigentleg ligg i botnen for min fascinasjon for denne gruppa er tre låtar på bandets andre plate, "Whisper Tames The Lion" frå 1988. Låtane "Whisper Tames The Lion", "Catch The Wind" og "Powerhouse" var dei 3 første på plata, den første og tredje var låtar som kunne ha vore spelt inn av Stooges då dei var på topp. Låten i midten er reinspikka countryfolk, kontrasten frå låt 1 til 2 der dei legg i på andrelåta med akustiske gitarar, steelgitar og fele som den mest naturlege ting i verda er den beste overgongen mellom to låtar nokon sinne. Før dei igjen hiv seg utpå med gitarane på 11 på tredjelåta. Det var lyden av eit band med full kontroll på kva dei dreiv med.

Ein kontroll som ikkje blei mindre med tida og som er til stades i fullt monn også på årets utgjeving. Som opnar med ein hyllest til byen som har fostra ein del av banda som har inspirert dei, i "Detroit City" nemnar dei også The Stooges og MC5. Og høyrast samstundes ut som ei blanding av begge to.

"(Whatever Happened To The) Great American Factory" opnar med noko så utypisk for bandet som blåsarar og tekstlinja "If you can make it there, why don’t you make it here". Som spør kva som er vitsen med å flytta arbeidsplassar ut av landet når ein like enkelt kan lage produkta i heimlandet, redde arbeidsplassar og hindre at den heimlege industrien forsvinn. Eit spørsmål som kan stillast her på berget også. Og klassisk D’n’C med blåsarar er glimrande.

Ein av gruppas tidlegare beste låtar, den seige "Honeysuckle Blue" frå "Mystery Road" frå 1989 får sin oppfølgjar i "I See Georgia". Ein ballade med så mykje power at den bles alt som har blitt laga av powerballads tidlegare langt til sjøs. Og sjølvsagt er ikkje dette noko så infantilt og hjernedaudt som ein powerballad.

Neste låt, "Midwestern Blues", har ikkje så mykje med blues å gjere. Det har meir med stemninga å gjere, ein midtempo låt med brusande orgel og ein gitarsolo mot slutten som løftar det heile til himmels.

"Let Me Down" opnar med eit riff som ber låten frametter til eit glimrande refreng, nok ein klassisk riffbasert D’n’C-låt. Og nok ein gong slår det meg at til å vere ei så gitarorientert gruppe vel dei heile tida å halde igjen på gitareksessane.

Platas coverlåt har dei lånt frå sine brør i anden, New York-bandet The Dictators. "I Stand Tall" passar inn på denne plata som fot i hose, og visar at Drivin ’N’ Cryin og The Dictators er to sider av same sak.

"Don’t You Know That I Know That You Know?" er platas første av to reine country/folk-innslag. Og har du ikkje høyrt gruppa før kan du jo byrje å lure på kva dei held på med, men det er ting som dette som gjør dette bandet så stort. Ein lettbeint hoppande sak med bassist Tim Nielsen på mandolin.

Og kva passar då betre enn at "Get Around Kid" er nærast punk og visar gruppas beundring for The Clash og "Give Em Enough Rope"?

"Preapproved Predenied" senkar tempoet men ikkje intensiteten, mykje gitarar og Kinney som lurar på om noko prøvar å lure han, låten sluttar med orda: "how stupid do you think I am?". Ein tung seig utgåve av John Cougar Mellencamp.

Seig kan ikkje brukast om "The Hardast Part", her trykkjar dei gasspedalen litt hardare mot golvet igjen. Og nærmar seg punken igjen, men held litt igjen sånn at det ikkje går ut over den sterke melodiføringa. Og lar låten tone ut i eit countryfolk-landskap.

Men dei prøvde berre å lure oss, "Trainwreck" aukar tempoet opp att til 120. Den er heavy, men det eigentleg ein countryfolklåt spelt med høge gitarar. Som av alle ting minner meg om Willie Nile.

No nemnde eg lengre oppe her platas første reine country/folk-innslag, avslutninga "This Town" er den andre. Med ein banjo godt plassert i kompet, er dette ei nydeleg avslutning på ei fantastisk plate.

Anton Fier som tidlegare har jobba med Bob Mould (Hüsker Dü), Joe Henry og Los Lobos står som produsent på plata, James Barber som mellom anna har produsert Ryan Adams er executive produsent og Steven Bernstein som mellom anna har jobba med Antony And The Johnsons er ein del av blåserrekka.

Dette er for meg årets beste plate!

Mest lese no

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Selje innfører orkan-trekk

Lokalnytt Selje kommune har bestemt seg for at tilsette som ikkje kom seg på jobb under Dagmar-orkanen, blir trekt i løn. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.