TOM ROGER AADLAND

"Blod På Spora"

Publisert 20.10.2009 kl 21:10 Oppdatert 20.10.2009 kl 21:10

Tips ein venn på e-post:

...

Selskap

  • Embacle

Bob Dylan på norsk? Det har blitt gjort før, Bob Dylan på nynorsk derimot, det blir litt annleis. I alle fall over ei heil plate.

Etter å i lengre tid hatt ei over gjennomsnittet interesse for Dylan, fekk han for eit år sida ideen å gjendikte alle songane på ei av mannens beste plater, "Blood On The Tracks".

Plata blei spelt inn i eit ombygd skulehus i Etne med hjelp frå mellom anna medlemmar frå The Low Frequency in Stereo.

Og han gjer ikkje skam på opphavsmannen, på den musikalske fronten er det eigentleg ikkje store forskjellen. Men ved å oversetje og gjendikte tekstane til nynorsk tilføyar han ei ny dimensjon til songane, nynorsk let i mine øyro betre enn bokmål. Det er meir poetisk, og eg fann ut då eg gjekk over til å skrive nynorsk for nokre å sida at det var eit mykje meir levande språk å uttrykkje seg i sidan det ligg nærare til måten eg og dei rundt meg snakkar til dagleg.

Det heile kokar ned til at dette er ikkje Bob Dylan, men ideen og gjennomføringa av albumet er så sterk at den heilt klart fortener livets rett. Dette er ei plate for både Bob Dylan-fantastar og dei med interesse for god rock på norsk.

Dette er mannens andre utgjeving, "Obviously Embraced" frå 2007, har eg ikkje høyrt, men eg håpar at Aadland fortset karrieren på nynorsk. På den måten vil han vere langt meir original og interessant.

Høgdepunkt: "Lagnaden Sin Vri (Simple Twist Of Fate)" og "Vind Utan Vit (Idiot Wind)".

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.