"iLet Freedom Ring!"
Denne plata er spelt inn på ein så uvanleg stad som i Mexico City. Og sjølvsagt trefte dei så godt at dei kom midt opp i utbrotet av svineinfluensaen.
Men ein kan ikkje seie at dette har hatt nokon innverknad på stemninga her.
I forhold til den førre plata "Soap And Water" frå 2007 kan det ved første augekast sjå ut til at dette er ein mindre produksjon, her er mykje mindre musikarar involvert.
Prophet og medprodusent Greg Leisz reiste til "The Big Shitty" (dei lokale sitt kallenamn på den store byen) med eit lite følgje for å spele inn plata.
Men så lenge Prophet er involvert med gitaren og stemma si så blir det likevel ganske stort, den mannen tar stor plass med sitt autoritære gitarspel. Utan at det noko gong tippar over på den feile sida.
Og som vanleg får vi den Prophet vi har vorten van til, bluesinspirert americana med sterke låtar og mannens lett gjenkjennelege stemme i front.
Vi får blues på opninga "Sonny Liston Blues", country på til dømes "What Can A Mother Do", Rolling Stones på tittellåta "iLet Freedom Ring!" og "American Man", balladar av de episke slaget "You And Me Baby (Holding On)", poprock "Hot Talk" (der han gjenskapar lyden av ein mobiltelefon som slår inn på eit musikkanlegg ved hjelp av gitaren, fiffig!) og på "Love Will Keep Us Part" manar han fram noko som minnar om Dylan rundt "Like A Rolling Stone" (Låta liknar ikkje, men eg får litt av same kjensla som når eg høyrer Dylan si låt). Og på nest siste låta, "Good Time Crowd", svingar han like godt innom rockabilly og femtitalspop med shubiduakoringar og glitrande gitarspel.
Anbefalast!