Platepraten Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell

Statsråd

Publisert 26.09.2009 kl 00:39 Oppdatert 26.09.2009 kl 00:39

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Stig Weston

Kva høyrer du på for tida?

- Son Volt, Dirty Projectors, Hanne Hukkelberg og nye til David Sylvian

Kan du huske kva som var den første plata du kjøpte?

- Første kasett; Drama, Breaking Away. Første plate (trur eg) var noko med Raga Rockers el ei Beatles-samling

Og kvar du kjøpte den?

- Det hugsar eg ikkje. På gamle Tonus i Førde kanskje?

Kvar kjøper du musikken i dag?

- Platekompaniet fysisk + Othermusic.com og andre nettstader

Om via nettet, kjøper du musikken som filer?

- CD'ar, litt LP'ar og så "leiger" eg musikk via Spotify

Huset ditt brenn og du bergar berre ei plate...

- Ein får jo tak i det meste, men...Kanskje Sonoko: "La Debutante" på vinyl?

Kva for artist/type musikk føretrekker du å høre på når du er på fest?

- Basement Jaxx "Samba Magic", Talking Heads "Life During Wartime" !!! "Me and Giuliani Down by the Schoolyard", Undertones "Teenage Kicks", Iggy PoP "The Passenger", Björk "Hyper Ballad" ++

Og musikken for dagen derpå?

- Rockettothesky, Dennis Wilson, Cocteau Twins, Coil, Rosie Vela++

Beatles eller Stones?

- Beatles

Kva fem plater må ein ha høyrt før ein klappar igjen penalet?

- David Sylvian "Secrets of the Beehive"

- TuxedoMoon "Desire"

- Velvet Underground "VU and Nico"

- Tom Waits "Swordfishtrombones"

- Billy Mackenzie "Beyond the Sun"

Spelar du noko instrument?

- Litt gitar

Største musikalske oppleving:

- The The live, David Sylvian live, Les Negresses Vertes live + første gong eg høyrde Good Vibrations av Beach Boys og Ashes to Ashes av Bowie

Er det ei plate du har prøvd å få tak men aldri klart?

- Får som sagt tak i det meste no, men Chris Bell's "I am the Cosmos" leita eg etter i år utanå finne. No er den på CD, men har ikkje somla meg til å kjøpe. Og Karl Bisquits "Aktualismus" finn eg enno ikkje.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.