Bård Ose
Programleiar i NRK Hordaland og programma P.I.L.S. og Radio Rock
Kva høyrer du på for tida?
- Den nye CD-boksen til Graham Nash, "Reflections". Og så går eg gjennom alt eg har på vinyl frå 1969, månad for månad, for bruk i "Radio Rock".
Kan du huske kva som var den første plata du kjøpte?
- Den første eg kjøpte for egne pengar, var "Abbey Road" med The Beatles i september 1969. Den kostet 38 kroner. Eg sparte ukepengane mine i to månader for å kjøpe den.
Og kvar du kjøpte den?
- Plateforretningen på Sundt i Bergen. Dei heldt av eit eksemplar til meg på sjølve utgivingsdagen.
Kvar kjøper du musikken i dag?
- Stort sett på Amazon, Apollon og Platekompaniet.
Om via nettet, kjøper du musikken som filer?
- Nei, aldri. Eg må ha eit omslag å holde i.
Huset ditt brenn og du bergar berre ei plate?
- Led Zeppelin "Physical Graffiti".
Kva for artist/type musikk føretrekk du å høre på når du er på fest?
- Det meste av Rolling Stones frem til 1981.
Og musikken for dagen derpå?
- Pink Floyd "Shine on You Crazy Diamond".
Beatles eller Stones?
- Begge!
Kva fem plater må ein ha høyrt før ein klappar igjen penalet?
The Beatles "White Album", The Rolling Stones "Exile On Main Street", Led Zeppelin "Physical Graffiti", Nick Drake "Five Leaves Left", Pink Floyd "Dark Side of the Moon".
Spelar du noko instrument?
- Slagverk og munnspill. Og litt gitar i open G.
Største musikalske oppleving:
- På plate: Første gang eg høyrte "When the Levee Breaks" med Led Zeppelin. På konsert: Då Rolling Stones spilte "Midnight Rambler" på Valle Hovin i august 1990.
Er det ei plate du har prøvd å få tak men aldri klart?
- Ja! Med Nitty Gritty Dirt Band, en plate som heter "Rare Junk".En LP som eg gir mykje for å få tak i. Kanskje ein leser av Firdaposten.no kan hjelpe?
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir