Platepraten

Jacob Nødseth

Bystyremedlem og 2. kandidat på Høyre si stortingsliste

Publisert 05.04.2009 kl 13:40 Oppdatert 05.04.2009 kl 13:40

Tips ein venn på e-post:

...

Kva høyrer du på for tida?

- Akkurat no høyrer eg mykje på den siste plata til Trang Fødsel, Odd Nordstoga og anna lett og jovial sommarmusikk.

Kan du huske kva som var den første plata du kjøpte?

- Det hugsar eg faktisk ikkje, men som liten var eg ein stor fan av Kaptein Sabeltann og ein periode Vikingarna. Men, med tida har øyrene og resten av meg utvikla seg, så det høyrer eg svært lite på i dag (heldigvis!)

Kvar kjøper du musikken i dag?

- Eg brukar nettet, og kjøper filer via Itunes. Bra konsept.

Huset ditt brenn og du bergar berre ei plate?

- Eg er så heldig at eg berre treng å plugge ut ein ekstern harddisk så har eg all musikken min med meg – her i Bergen. Sånn sett har jo samfunnet gått framover ?

Kva for artist/type musikk føretrekker du å høre på når du er på fest?

- Alt mulig, og så er eg en stor tilhenger av skikkelig allsang. Det er et must skal det virkelig vere fest. Gjerne Odd Nordstoga.

Og musikken for dagen derpå?

- Då er Pink Floyds - Shine on you Crazy Diamond og Tom Waits album frå 1974 – The Heart of Saturday Night – det suverent beste. Frå sistnemnte album er San Diego Serenade og Drunk On The Moon utvilsame favorittar.

Beatles eller Stones?

- Begge! Stones' Wild Horses og Beatles' The Long and Winding Road , for å nemne nokre av deira, er mellom mine favorittar.

Kva fem plater må ein ha høyrt før ein klappar igjen penalet?

- Det kjem sjølvsagt heilt an på samanhengen. Ein god blanding av dei gode gamle: Clapton, Stones, Beatles, Bob Marley, Elvis Costello, Zeppelin, og nyare som Odd Nordstoga, Kent, Trang Fødsel, osv. er einsbetydande med suksess. Som oftast. Elles trur eg nok eg kan høyre på det meste, berre det ikkje blir for high-tech og utan sjel. Musikk med sjel og ein verkeleg bakgrunn er viktig.

Spelar du noko instrument?

- Eg har gått på kulturskulen (eit utruleg bra tiltak som vi må ta vare på!) og tatt timar i gitar og piano sidan eg var liten. Men: skulle eg "imponere" hadde eg spelt den einaste sangen eg kan på munnspill: Heart of Gold. Eg legg gjerne til at eg bare har framført denne songen ein gong? seint på kvelden?

Største musikalske oppleving:

- Spontan intimkonsert med Per Vidar Ottesen og Knut Hjermann i førstnemnde sin garasje tidlegare i sommar på høvesvis lead vocal and comb og gitar. Det var kanon. Elles var eg på Kent i Stavanger tidlegare i år, det var veldig bra. Dei er mykje betre live enn på plate.

Er det ei plate du har prøvd å få tak men aldri klart?

Nei! Heldigvis får ein det meste og det beste via nettet, men den gode feelingen får ein berre på vinyl.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.