...
 

HEREOS & ZEROS

”Simian Vices Modern Devices”

Publisert 04.04.2009 kl 17:59 Oppdatert 04.04.2009 kl 18:00

Tips ein venn på e-post:

Selskap

  • Nightliner/Universal

På si andre plate tar Hereos & Zeros i mine øyre eit stort steg framover frå debuten ”Strange Constellations” frå 2007.

Gruppa som den gongen høyrdes ut som ein dårleg kopi av tidleg U2, køyrar denne gongen eit meir særeige løp.

Postpunkinfluensane er der framleis, men eg tykkjer låtane denne gongen er sterkare.

Med ei låt som ”Cipramillion”, med Anne Lise Frøkedal frå Harrys Gym som medvokalist, i spissen leverer dei denne gongen eit lydbilete som har i seg islett av Joy Division og Psychedelic Furs. Ein sjanger som utan over gjennomsnittet sterke låtar fell daudt til bakken.

Legg til at gruppa denne gongen verkar tryggare med si gitarbaserte rock, mindre kantete og ikkje så besett av å skulle bevise noko heile tida, gjer at dette er ei langt meir harmonisk og betre plate å lytte til.

Produsent er som på debuten Thomas Tofte (Locomotives, Odd Nordstoga, Marit Larsen) og han har vore med på å skru fram ei plate med stor variasjon, som når sitt høgdepunkt når gruppa roer det heile ned på ”Monochrome Rainbow”. I det som i denne samanhengen er noko så uvanleg som ein ballade, tett følgt av før nemnde ”Cipramillion” og avslutningslåta ”Via Satellites”.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.