”Twist The Truth”
No kunne eg gjort det som Marlin syng om, vri på sanninga, og skrive at dette var ei god plate. Men det er det ikkje, den er i beste fall småtriveleg til tider.
Sidan starten i 1998 med singelen ”Unforgivable Sinner” og albumet ”Playing My Game” har det i mine øyre for det meste stått på staden kvil, ho har ikkje vore i nærleiken av det potensialet ho etter debuten å dømme hadde. Dei to føregåande utgjevingane gjekk forholdsvis raskt i gløymeboka.
Men på årets utgjeving verka det som om ho hadde tenkt å forandre på dette. Med Børge Fjordheim (Morten Abel, Sivert Høyem) og Even ”Magnet” Johansen som produsentar skulle ein tru at det var ein ny giv i satsinga hennar.
Men sjølv eit lekkert produsentarbeid klarar ikkje å dekkje over mangelen på gode, fengande og slitesterke låtar.
For at dette til tider let aldeles fortreffeleg er heva over kvar ein tvil, strykarar og blåsarar er brukt på fleire låtar med eit tidvis nydeleg resultat. Det er då derfor synd at låtmaterialet ikkje lever opp til innpakninga. Nokre unntak finnast det, mellom anna ”Have I Ever Told You” med noko som høyrast ut som ein manipulert banjo i front og spretne blåsarar.
Ei anna ting som gjer at eg får problem med denne plata er at alt verkar å vere så trist, har du det verkeleg så trist i livet ditt, Lene? Tristesse treng nødvendigvis ikkje vere noko negativt, det finnast nok av artistar som har klart å lage stor kunst med utgangspunkt i det.
Nei, i staden for å kaste bort tida på dette ville eg i staden høyrt på til dømes Marte Heggelund, Marit Larsen, Tift Merritt eller Kathleen Edwards. Artistar innan same sjanger som dei siste åra har laga glimrande plater.