"Edendale"
Den første plata etter utvandringa til USA skuffar ikkje, sjølv om dei ikkje gjer noko anna nytt enn å levere ei rad sterke låtar. Når eg skriv dei, meiner eg sjølvsagt Øystein Greni, som på dei fleste låtane her står som einekomponist.
Plata er for det meste spelt inn i Los Angeles i det legendariske Sound City-studioet som har gitt oss plater som "Damn The Torpedoes" (Tom Petty & The Heartbreakers), "Nevermind" (Nirvana) og "The Deep End" (Madrugada); og produsert av Greni saman med Greg Richling (mellom anna Michael Penn og Joe Henry).
Som sagt innleiingsvis er dette umiskjenneleg BigBang, om enn i ei til tider roligare og neddempa utgåve. Eksemplifisert av mellom anna den første singelen "Swedish Television", og "Now Is Not A Good Time" og "One Step At A Time". Sistnemnde gjør Greni stort sett åleine.
Men frykt ikkje, på mellom anna "Freeway Flowers" og "Bag Of Leaves" får vi BigBangs patente blanding av Stonesrock og soul i sånne dosar at eg er nøgd.
Einaste nye er eit forsøk på lett funky discorock i "To The Max", noko som eg ærleg tala kan styre meg for.
Men stort sett altså, meir enn godkjend.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir