BÖNKERS
«Time To Harvest»
Dette var eit fint gjensyn, men jaggu har det tatt lang tid!
Førre plata, «OPP», kom i 1999 og sjølv om det ikkje er nokre plateutgjevingar som har sett dagens lys i dette tidsrommet har ikkje bandmedlemmene lagt på latsida. Dei har i staden produsert sju ungar.
I tida som har gått har samstundes andre grupper frå Sør-Trøndelag halde jernet varmt, både Scarecrows, Texum og Motorsycho sitt alter ego «International Tussler Scociety» har halde countryfana høgt heva.(Alle saman med forbindelsar til nettopp Bönkers) Gruppa som kjem frå Oppdal debuterte i 1997 med Ep-en «Rusty Tubes» og vekte oppsikt i mellom anna det velrenommerte amerikanske Alt. countrymagasinet No Depression.
Debutplata kom to år seinare og dei hadde i mellomtida fått platekontrakt med Sony, plata fekk gjennomgåande gode kritikkar både i dags- og musikkpressa her til lands. Utan at det hjelpte noko særleg, salet stod ikkje i forhold til omtalane og bandet forsvann etter kvart ut av syne.
Så korleis let dette då 10 år etter?
Gaute O. Øien si stemme er den same lett attkjennande, lydbiletet er mykje det same, ei blanding av westcoast og country, og gruppa har ikkje gløymt korleis dei skal skrive ei god låt. Og nettopp Øien si stemme er det som her løftar dette opp i ei eiga divisjon. Om gruppa svingar innom Grateful Dead og Gram Parsons på vegen er det likevel ikkje tvil om kven dette er. I tillegg kan det nemnast at alle tekstane på eitt unnatak nær er signert Noregs sannsynlegvis beste engelske tekstforfattar, Martin Hagfors.
Som undertittelen på plata, 2001 – 2008, antydar så har karane drive med andre ting enn berre ungestell desse åra. Denne plata har blitt til i ledige stundar, med ei barselsperiode som nesten kan samanliknast med Guns n`Roses «Chinese Democracy». Men der sistnemnde blei eit sprikande monster utan mål og meining, går det her ei raud tråd gjennom heile produksjonen.
Så då kan eg berre seie som eg sa for eit år sia då «Brighter Than Creations Dark» med Drive-By Truckers kom ut på nesten nøyaktig same dato, eg gler meg til å høyre den plata som kjem til å overgå denne i 2009.
Klassisk!