STEIN TORLEIF BJELLA
«Heidersmenn»
Denne mannen er nok ukjend for dei fleste, men han har faktisk gitt ut 2 plater tidlegare. Gruppa han var leiar for, Tolv Volt, gav ut «Auraspray» i 1999 og «Kalas» i 2003. Men dei var nok meir rockeorientert, denne gongen er det stort sett akustisk folk som gjeld.
Plata som er produsert av Kjartan Kristiansen frå DumDum Boys løfter ikkje akkurat taket kan du seie.
Og akkurat DumDum Boys i akustisk countryfolk-modus er ikkje noko dum referanse sjølv om vokalen skil seg klart frå dei då Bjella syng på klingande Ål-dialekt. (Ål i Buskerud, ikkje fisken). Plata som kan virke noko flat og konturlaus i byrjinga, kryp innpå deg etter kvart, kvaliteten på låtane her og dei underfundige sterke tekstane sørgjar for det.
Om plata i utgangspunktet kan virke naken og enkel, finn ein etter kvart ut at så ikkje er tilfelle. Geir Sundstøl (Henning Kvitnes, Odd Nordstoga, Marit Larsen) og Lars Håvard Haugen (Hellbillies) som bidreg med strengeinstrument her, er berre to av mange hjelparar gjør dette til ei særs fin lyttaroppleving. Men det mest imponerande her er den fine bruken av sag (!), det er faktisk to musikantar som bidreg med dette her.
Med andre ord, det norske plateåret i 2009 har starta sterkt.