«Hardt Regn»
Noregs svar på Stooges, MC5 og den australske bølgja frå 70- og 80-talet med Radio Birdman og New Chists i spissen meiner at dei med denne utgjevinga har gått i ei meir mjuk og variert retning. Mogleg det, men eg blir like sveitt i øyro av å høyre på denne som på forgjengarane. Og det er eit kompliment.
Gruppa med Terje Winterstø Røthing frå Kaizers Orchestra i spissen durar vidare med same oppskrifta i botnen som tidlegare, låtmateriale av høg kvalitet, tunge gitarar, matchande komp, brautande vokal på morsmålet og gode koringar.
Rett og slett ei drivande god plate!
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir