"Men And Flies"
Mannen bak Home Groan (10 plater) og HGH (fem plater) debuterer endeleg med ei soloplate. Og gjer då sjølvsagt noko heilt anna enn den countryinspirerte rocken vi har blitt vande med frå han.
Ved første gjennomlytting høyrdes dette useieleg kjedeleg ut. Så at plata veks ved gjentekne lyttingar, er det vi kallar ein understatement.
Det faktum at Lars Hontveth frå Jaga Jazzist har produsert og spelar på plata, farga utgangspunktet så mykje at eg tykte det blei for mykje av det gode. Piano, blåsarar og strykarar i godt monn vart for meg veldig uvant i det universet Martin Hagfors til no har operert.
Desto betre då at mannen visar at han også kan briljere innan denne sjangeren og. For det er eigentleg det han gjer, sterke låtar og fin vokal, i det som lettast kan klassifiserast som klassisk popmusikk.