«I Was A King»
Hype City/Musikkoperatørene
Når ei så tydeleg 90-tals Teenage Fanclub-inspirert popgruppe som norske I Was A King klarar å gå inn på dei norske salslistene, så skjønar ein at dei norske platekjøparane i botn og grunn ikkje har så dårleg smak likevel. Inspirasjonskjeldene er så tydelege, at dersom låtane ikkje er så bra som dei er, kunne dette blitt oppfatta som ein parodi. Det til tider skranglete og råe lydbiletet har heilt tydeleg henta inspirasjon frå skottane, og til liks med «The Fannies» ligg det ei rad nydelege melodiar dårleg gøymt under den rufsete overflata. Og som inspirasjonskjeldene sine er dei ikkje redde for å fortelje kven dei er inspirert av, på «Grand Prix» hadde Teenage Fanclub ei låt kalla «Neil Jung». Då er det vel naturleg at I Was A King har ei låt kalla «Norman Bleik» (Norman Blake er eit av medlemma i T.F.).
Egersundbandet debuterte i 2007 med EP'en «Losing Something Good For Something Better» og kjem her med si første heile plate. Gruppa som har fått ei opphaussing av ei anna verd innfrir faktisk utan problem.
Kan anbefalast!