”A Produkt Of Imagination”
Om det var Donald Duck eller Karl Marx desse karane hadde i tankane anar eg ingen ting om. Men musikken kan vel ikkje seie å vere inspirert av nokon av delane, her er det indierock som gjeld, om enn i ei blass utgåve.
Det største problemet her er kvaliteten på låtane, trass i ein del fikse arrangement og spenstige idear, er det eigentleg lite som stikk seg ut og blir verande i bevisstheita mi sjølv etter utallige lyttingar. Dette er slett ikkje dårleg, men det blir for flatt og konturlaust.
Dessverre.
PS. Coveret derimot er det klasse over, korleis dei har funne på å leggje ved ein kalender for 2061 lurar eg verkeleg på¿..