EL CUERO

”A Glimmer Of Hope”

Publisert 24.11.2008 kl 20:07 Oppdatert 24.11.2008 kl 20:29

Tips ein venn på e-post:

...

Selskap

  • Gravel Road Music/Indie

Denne hadde faktisk gått meg hus forbi, men en konsertmelding i BT retta heldigvis opp det. Dette er ei drivande god utgjeving som i lyd og sjanger kan samanliknast med Neil Young, Wilco rundt ”A.M.” og ei rå utgåve av Hellbillies.

Sistnemnde kan verke naturleg av den grunn at det er Lars Håvard Haugen frå nettopp Hellbillies som har produsert Kristiansund/Oslo-bandets andre plate.

Ikkje det at dette nokon måte verkar påfallande, medlemmane med ei fortid i det meir countryinspirerte prosjektet Shit City ville nok ha drive i denne retninga uansett. Den sjølvtitulerte debuten frå i fjor la eit godt grunnlag for årets utgjeving.

Spennvidda er stor, frå opninga, den ”Down By The River”-liknande ”The Road Goes On”, longe sugande gitarutblåsingar som ”When The Lights Go Out” og ”Lights Up The River”, via countryinspirerte låtar som ”Are You Listening” og til reine balladar som ”To Build A Home” og ”These Times”. Variasjonen og dermed dynamikken i plata er særs god.

I den grad det er behov for nokon til å ta over stafettpinnen etter Madrugada, dette kan vere nettopp dei.

Trur faktisk dette er ei av dei beste norske utgjevingane i år!

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.