ROY LØNHØIDEN

«Når Dagen Demrer Blått»

Publisert 21.04.2008 kl 13:47 Oppdatert 21.04.2008 kl 13:47

Tips ein venn på e-post:

...

Selskap

  • NorskAmerikaner

Der den førre plata til Lønhøiden kunne vere litt mørk, er denne mykje lysare. Og om det er noko vi treng i liva våre er det lys.

Einaste forskjellen utover dette frå dei to føregåande utgjevingane er at han denne gongen har skrivet alle låtane sjølv, og at innspelingsstad er flytta frå Finnskogen til Oslo. Ingen av delane kan høyrast.

Om ikkje Lønhøiden har framstått som ein særs dyktig låtskrivar tidligare, det har han, så skyver han her all tvil til side. Alle låtane vart skrivne under Roys USA-besøk i 2007, og tekstane er til dels farga av dette, men vi oppheld oss framleis inne i skogane på Finnskogen. Musikalsk er det meir autentisk enn nokon gong, spør du meg vert det knapt laga betre countrymusikk i dag. Legg du til at det er visse innslag av folkemusikk, så kan det kanskje vere lett å kalle han Finnskogens Odd Nordstoga, men Lønhøiden har i mine øyre med sine tre siste plater langt overgått det han har gjort. Dette er ein artist som står fjellstøtt på eigne bein. Og finst det noka rettferd her i verda, vil denne plata generere eit platesal som står i forhold til kvaliteten.

Høgdepunkt: «Vann Og Ved» og «Hvor Går Veien Nå».

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.