«Sad & Happy Sing-a-Longs»
Mannen med, heilt ærleg, det mest håplause gruppenamnet på desse kantar av verda, returnerer med plate nr. 2.
Årets utgjeving fortset der den fine debuten frå 2006 slutta. Eg tykkjer han framleis lagar fine låtar. At tekstane ikkje akkurat er nobelprismateriale, spelar i denne samanhengen ei mindre rolle for meg. Dette let uansett så bra som god, reinspikka americana/countrymusikk skal låte.
Og at dette ikkje let tidsriktig nok, kan ein heilt klart sjå på ein del av reaksjonane i den kulørte pressa i hovudstaden. Men no er det no ein gong sånn at det er ein del ting vi her på landet skjønar mykje betre enn dei som bor i urbane strøk.
Kompet med akustiske og elektriske gitarar, banjo, dobro, munnspel, steelgitarar, fele og trekkspel er like effektivt og nydeleg som førre gongen. Det som er nytt her er tre fine duettar han har gjort med høvesvis Mazz Swift, Ingfrid Straumstøyl og Benedicte Brænden. Ikkje så originalt det heller, kan du seie, men du, kor effektivt det er!
Høgdepunkt: «We Cried For A While» duett med Mazz Swift.