DRØMMERE & DRANKERE

«Drømmere & Drankere»

Publisert 13.02.2007 kl 00:13 Oppdatert 14.03.2007 kl 18:59

Tips ein venn på e-post:

Og om musikken er av høg klasse, så er det faktisk tekstane her som tar kaka.
...

Etter å ha høyrt en del på denne plata tenkte eg med meg sjølv at dette er Drammens svar på De Musikalske Dvergene. Og eg skjønte at Dvergene truleg ser på dei som sjelefrendar. Då eg søkte på nettet etter Drømmere & Drankere var eitt av treffa på Dvergene si heimeside.

Ikkje det at musikken liknar noko særleg, men humoren og dei tragikomiske tekstane har dei felles.

Musikalsk ligg D&D mykje tyngre forankra i den amerikanske rootsmusikken, med Tex Mex, country, heartlandrock og rhythm'n blues. Og dei svingar for sikkerheits skuld innom reggae på vegen.

Og om musikken er av høg klasse, så er det faktisk tekstane her som tar kaka. Dei spennar frå kjærleikserklæringar, småkjeltringar (Olsenbanden light med nesten-bankran, kidnapping av Wenche Foss og parkeringsbøter på samvitet), brutal sjølvinnsikt, blasfemiske tøffingar, hat-song til eksen, protestsong mot eigne songar!, utsnitt av ein 45 minutts hyllest til Hank Williams (vi skal vere glad vi slapp å høyre resten, skriv dei), etc., etc. Rett og slett stor poesi.

Mannen bak melodiar og tekstar heitar Dag Tufte og er den einaste som nok har vore med i D&D heile tida. Dei feirar sitt 20-års jubileum med denne utgjevinga, og i løpet av dei 20 åra har dei hatt over 20 medlemmer, dei fleste har av diverse årsaker bede om å få vere anonyme!

Det er ikkje så ofte det er ein opptur å lese i det vedlagte heftet, det var betre før med LP'en, men heftet her er fullt av gode tekstar, anekdotar og heile historia (nesten) til bandet. Nesten verdt prisen åleine. Alt levert under mottoet: «- Ikke så verst når du blir vant til dem».

Med seg har dei fått Trond Granlund på eit par spor, mellom anna på «Bandidos i det fri» som Granlund sjølv har med på den nye plata si og Jan Tariq Rui-Rahman frå WE på orgel, piano og kor på 3 låtar.

Dette er faktisk fantastisk bra, nokre av høgdepunkta: «Bandidos i det fri» og «Bare feigingar tar seg for (når de gå på trynet)».

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

"Tør de Trovik" enda med plask

Lokalnytt I Florø fekk den improviserte hoppbakken nytta under "Tør de trovik" ein litt annan vri enn hoppbakkane i resten av verda. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.