THE FOGGY FEW - " The Pint Of No Return"
"The Pint Of No Return"? Jau då, vi er vel fleire som har vore der &ein gong.
På debutplata si har gruppa laga ei fin blanding av ikkje berre skotsk og irsk folkemusikk, dei svingar også innom fengjande pop, country og jazz.
Og det er blitt ei variert og fin plate dette her, kanskje noko anonym til tider, men når det er bra, er det verkeleg bra. Høyr berre på "Summer Feelgood" og den nydelege avslutninga "Relations And Revelations", sungen av Ingrid L. Mjanger.