Tine-sjef blir styreleiar i Domstein

Konsernsjefen i Tine, Hanne Refsholt, tek over som styreleiar i Domstein ASA.

Hanne Refsholt. Foto: www.tine.no

Hanne Refsholt. Foto: www.tine.no

DEL

Ho avløyser dermed Olav Hørsdal, som har hatt styreleiarvervet dei siste ti åra. Refsholt er 46 år og utdanna sivilagronom og har tillegg ein MBA frå BI. Ho har lang fartstid frå næringsmiddelindustrien.

I det nye styret sit også Knut Magne Domstein, Morten Frogner, Inger Myklebust, Gunnar Domstein, Endre Sekse og Jorunn Frøyen. Dei to siste sit som representantar for dei tilsette.

Artikkeltags