Eikefjordingane har fått dartdilla

EIKEFJORD: – Vi har selt over 20 elektroniske dartspel berre til eikefjordingar. Sjølvsagt er det andre som kjøper slikt også, men Eikefjord er vår desidert beste marknad for dartutstyr, fortel Rune Hole ved "Førde Sport".

Publisert 03.11.2003 kl 22:13 Oppdatert 03.11.2003 kl 22:14

Tips ein venn på e-post:

...
HØG AKTIVITET: Asbjørn Agledal og dartklubben "Bull 1" legg opp til høg aktivitet framover.

Det er ikkje plent nødvendig å fortelje alle og einkvar at ein har gått til innkjøp av dartspel for å trene heime, men konkurransen er skjerpa, og salstala til Førde Sport fortel at mange eikefjordingar har gjort det. Dartspel er då også ein typisk pubaktivitet, i alle fall i England der pub og dart høyrer saman. Det begynte med ein einsleg blink i publokalet i andre etasje på Sjøhuset, og ein del gjester fatta interesse for aktiviteten. Den gongen dreia det seg om ein pappblink og piler med stålspiss. Men så investerte eigarane av Sjøhuset i to moderne dartautomatar med myntinnkast, og piler med såkalla "soft-tip" av plast erstatta dei litt skumlare stålpilene. Den første offisielle Eikefjord-meisterskapen i dart vart avvikla, og Geir Tore Leversund kunne løfte pokalen som den aller første Eikefjord-meister i den edle pilsporten.

Bull 1

Dartklubben "Bull 1" vart oppretta den 25. april, og pr. i dag har klubben 30 medlemmer. Dartautomatane på Sjøhuset blei erstatta av nye, veggmonterte spel før Eikefjord-meisterskapen for lag gjekk av stabelen med sentrumslaget "Knarkane" som vinnarar. Formannen i dartklubben, Asbjørn Agledal, lover også høg aktivitet framover:

– Vi har terminfesta ei rekkje konkurransar fram til romjula. Alt fredag (31.oktober) arrangerer vi klubbmeisterskap for par i dame- og herreklassen. Og den 21. november spissar det seg til, for då avviklar vi singelturnering for medlemmer i begge klasser. Så rundar vi av året med "mixed double"i romjula, den 27. desember. I tillegg har vi planar om å arrangere eit ope Sunnfjord-meisterskap i januar 2004. Og får vi den responsen vi håper på der, blir det aktuelt å avvikle ikkje mindre enn ein fylkesmeisterskap seinare på nyåret.

Bedrifts-cup

– Dart-konkurransane har trekt mykje folk, seier Knut Fotland ved Sjøhuset i Eikefjord. Kroverten syslar no med tanken om å få til ein bedriftscup i dart:

– Eg hadde eigentleg alliert meg med ein person som skulle undersøkje interessa for ein bedriftscup, men han har ikkje hatt tid enno. I alle fall meiner eg at det må vere midt i blinken for bedrifter å kombinere ein hyggleg pubkveld med litt uhøgtideleg konkurranse.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Rystet over bom-press

Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.