...
Ved eit skipshoggeri i Danmark slutta soga om "Teaterbåten" MS Innvik. Båten bringa i si tid teaterglede til fjordbygdene i fylket. Foto: Tor Arne Aasen

Her vert teaterbåten historie

Blir til spikar.

Publisert 15.07.2014 kl 20:41 Oppdatert 16.07.2014 kl 09:30

Tips ein venn på e-post:



MS "Innvik" gav i si tid kultur, teater og glede til fjordbygdene på Vestlandet. No er det siste punktum i historia om teaterbåten.

– Den har hatt ei lang historie. Då eg jobba her på slutten av 90-talet fekk eg oppleve den i bruk. Den var eit fantastisk verktøy for å bringe teater til folk, seier Terje Lyngstad, teatersjef ved Sogn og Fjordane teater.

Først ute

MS "Innvik" starta karrieren si som bilferje, før den i 1982 vart ombygd til teaterbåt etter initiativ frå Sogn og Fjordane teater.

Båten skulle fungere som eit supplement og alternativ til kulturtilbodet i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal.

Opninga fann stad med brask og bram; sjølvaste Kong Olav deltok ved innviinga av teaterbåten i 1988.

Teaterbåten tøffa rundt med teaterglede til fjordbygdene på nordvestlandet heilt fram til 2001. Fleirfaldige oppsetjingar har funne stad på teaterscena, som hadde plass til 150–200 tilskodarar.

Til kai i Bjørvika

Båten var i drift på Vestlandet til 2001, då den vart kjøpt av Nordic Black Theatre i Oslo. Dei la båten til kai i Bjørvika i Oslo, der den fungerte som teater, serveringsstad og hotell.

I 2010 vart båten seld til nye eigarar på Nesodden, der den låg fram til båten sprang lekk og sokk i desember 2013.

Snipp, snapp, snute

Og no er eventyret slutt for teaterbåten MS "Innvik".

– Teaterbåten var verkeleg ein fantastisk idé; den gjorde ei flott oppgåve for kulturen. Vi skulle gjerne hatt noko slikt langs kysten vår i dag, seier Lyngstad.

Opphoggingsarbeidet av MS "Innvik" vart denne veka starta ved Jatob skipshoggeri i Danmark. Noko av båten går til attvinning, medan det resterande materialet vert kjeldesortert.

På framsida no


«Rythm & blues» med Good Time Charlie

Sjå bileta frå konserten med plateaktuelle Good Time Charlie i Flora Samfunnshus fredag kveld.

...

Mora di er ikkje ei ku

Ungdom høyrer meir på foreldra enn vi trur.

Siste skift

Leif si historie er ei historie om smelteverket i Svelgen på godt og vondt. Eller Selskapet (med stor s) som mange i den generasjonen seier.

– Vi har eit luksusproblem

Her er lista til Flora Ap