...
TEK IMOT: Frå venstre: Siv Grov frå Comfort Hotel, Gro Leni Hansen frå Quality Hotel, Leiar fopr Krisesenteret Wenke Hovland, husøkonomane på høvesvis Quality og Comfort i Florø, Kjellaug Risøy og Helen Rognsøy gler seg til å vere gode hjelparar med å vere innsamlingssentral for julepakkar til eit godt formål. I Florø har dei to hotella plukka ut Krisesenteret som mottakar. Foto: Dag Nesbø Frøyen Foto: Dag Nesbø Frøyen

Florøhotella med pakkeaksjon for Krisesenteret

FLORØ: Hotella i Florø har slått seg saman i ein pakkeaksjon no før jul. Fram til laurdag 22. desember tek dei imot presangar frå folk til Krisesenteret i Florø. I tillegg gir dei 10 kroner per pakke til UNICEF.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 07.12.2012 kl 17:25 Oppdatert 07.12.2012 kl 17:26

Tips ein venn på e-post:

I jula kjem forskjellane mellom oss menneske sterkare fram enn i resten av året. Det er denne tida dei som har det vanskeleg ofte slit mest. Men det er også ei tid der verdiar om å vise varme og omtanke for våre medmenneske står sterkt. Det siste ønskjer hotella i Florø å eksponere i det vi trer inn i jula. Hotellkjeda Nordic Choice, som begge hotella i Florø er del av, har no ein aksjon der dei ønskjer å samle inn pakkar frå dei som har glede av å gi. Florø har dei funne eit lokalt godt, og viktig, formål for dei som ønskjer å få. I Florø har dei valt Krisesenteret som mottakar noko Krisesenterleiaren Wenche Hovland set stor pris på.

Flott omtanke

- Dette er eit veldig flott tiltak, som vil glede dei som brukar tenestene våre. Men det er også fint for oss at dei no set søkelyset på vald i nære relasjonar. Dette er eit stort samfunnsproblem som på denne måten kjem meir fram i lyset, seier Hovland.

For brukarar av Krisesenteret er folk i alle aldrar og frå alle samfunnslag. Det er ikkje noko einsarta gruppe. Men dei som kanskje lir mest, er dei mest størst forventningar til jula. Det er borna.

- Vi skal ikkje gløyme at det å vere vitne til vald i nære relasjonar er like traumatiserande som å vere utsett for vald sjølv, påpeikar Hovland. Ho trur borna på krisesenteret vil sette stor pris på å få ein presang på julaftan.

Gi borna jul

Entusiasmen blant hotellsjefane Siv Grov og Gro Leni Hansen er også tydeleg då vi møtte dei. For entusiasmen har allereie vist seg i form av pakkar under treet i hotellobbyen etter at sida kom opp på Facebook.

Dette er samfunnsansvar i praksis, fortel Gro Leni Hansen og meiner det ligg mykje omtanke i dei pakkane vi får inn. Håpet er at det skal bogne med pakkar under treet av klede og leikar til born som er eller kjem til Krisesenteret denne jula.



På forsiden nå


...

Ny Åsen opp-rekord

Sport Aldri før har det vore så mange deltakarar under Åsen opp som på laurdag. Les meir

BILDE: "Berre digg" laurdag

...

Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" vart arrangert i havnebassenget i Florø laurdag.

Stor bildeserie her!

KVA MEINER DU?

Etter di meining, bør konfirmasjonsundervisning gå føre seg i skuletida?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 167

...

Stefan sette to straffar

Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.