...
Florø sjukehus. Foto: David E. Antonsen

Synfaring på sjukehuset

Onsdag skal Flora-politikarane ha synfaring på Florø sjukehus og SMS-senteret. Kanskje kjem ein då nærare løysing på eit eventuelt sjukehuskjøp.

Linda Regina Bruvik
Linda Regina Bruvik Profil E-post
Publisert 21.08.2012 kl 10:42 Oppdatert 22.08.2012 kl 09:39

Tips ein venn på e-post:

Onsdag er det møte i Helse- og sosialutvalet, og først på plakaten står synfaring på Florø sjukehus og SMS-senteret. Dei skal møte tilsette på begge stadene, og det vil truleg vere representantar frå Helse Førde-leiinga til stades under synfaringa på sjukehuset.

Det store spørsmålet for helsepolitikarane i Flora kommune er om ein skal kjøpe sjukehusbygget frå Helse Førde, og kva ein i så fall skal nytte sjukehusbygget til.

  • Kva meiner DU, bør Flora kommune kjøpe sjukehuset? Sei meininga di i kommentarfeltet nederst!

Flora bystyre vedtok i vår at ein skal forhandle vidare med Helse Førde om eventuelt kjøp av sjukehusbygget, og at ein skal utgreie bruk og kostnader ved eit eventuelt kjøp. Rådmannen fekk då i oppgåve å sette ned ei tverrfagleg gruppe for å utgreie moglege bruksområder for eigedomen. Gruppeleiarane i bystyrepartia er styringsgruppe, og gruppeleiarane er også invitert til å vere med på synfaringa onsdag.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen og HSU-leiar Jacob Nødseth har forhandla med Helse Førde om ein intensjonsavtale om kjøp av sjukehuset for 5 millionar kroner, samstundes som Helse Førde har vist stor vilje til å komme Flora kommune i møte med garanti om spesialisthelsetenester i Florø også i framtida. Men Flora bystyre ville ikkje godkjenne intensjonsavtalen då den var oppe til handsaming, mellom anna fordi den gav Helse Førde grønt lys til å flytte helsetenestene ut av sjukehusbygget.

Det er såleis framleis ikkje inngått nokon intensjonsavtale med Helse Førde.

Høgre vil kjøpe sjukehusbygget, medan "regjeringspartnar" Venstre ikkje ønskjer dette. Dei vil gjere alt for å binde Helse Førde sine helsetenester til Florø sjukehus. Høgre treng difor støtte frå Ap om dei skal få fleirtal for sjukehuskjøp i bystyret.

Høgre vil bruke sjukehuset til noko anna enn i dag, men dei har ikkje gått ope ut med kva dei ser for seg at bygget skal innehalde. Ombygging til omsorgsbustader har vore nemnd, det har også riving.

Florø sjukehus

Bør Flora kommune kjøpe sjukehusbygget?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 183



På forsiden nå


...

Ny Åsen opp-rekord

Sport Aldri før har det vore så mange deltakarar under Åsen opp som på laurdag. Les meir

BILDE: "Berre digg" laurdag

...

Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" vart arrangert i havnebassenget i Florø laurdag.

Stor bildeserie her!

KVA MEINER DU?

Etter di meining, bør konfirmasjonsundervisning gå føre seg i skuletida?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 59

...

Stefan sette to straffar

Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.