...
LAKS: Frå Laksens dag 2012, t.v. Øyvind Kråkås. Foto: Liv Standal

Laksens dag i null

Rekneskapa for årets "Laksens dag" er klare. Arrangementet kjøpte varer og tenester for 250 000 kroner i Florø.

Linda Regina Bruvik
Linda Regina Bruvik Profil E-post
Publisert 20.08.2012 kl 10:28 Oppdatert 20.08.2012 kl 15:02

Tips ein venn på e-post:

- Reknskapa for årets Laksens dag er no klare, og årets arrangement går ut i null. Arrangementet kjøper varer og tenester for godt 250 000 kroner i Flora i høve torgdagen, melder Øyvind Kråkås i Salmon Group. Kråkås var leiar for Laksens dag 2012.

"Laksens dag" er ein del av Himmel & Hav-helga, med andre storarrangement som Sildebord, Kinnaspel og musikkfest, og vert arrangert laurdagen i denne festivalhelga. BILDE: Laksens Dag og bilparade

Pengar til organisasjonar

I år nytta arrangørane seg av eventselskapet HippHipp Flora for planlegging og avvikling av sjølve opplegget på torget. Ein nytta og Norsk Hjortesenter på Svanøy til eit fagmøte på fredagen før sjølve laksedagen, med servering frå Florø-firmaet Bistro To Kokker.

- Laksens dag genererer pengar til lokale organisasjonar som Flora Røde Kors og Flora Rockeklubb, så vel som til ei rekke lokale verksemder, melder Salmon Group.

I tillegg til dei kostnadane som vert førte under arrangementrekneskapen, medfører og arrangementet ein omsetnad for overnatting og andre tenester som arrangementet sine gjester og deltakarar nyttar seg av. Direkte hadde Laksens dag om lag 40 gjester frå sponsorar og andre bidragsytarar som kom til Florø for å delta under arrangementet.

Motivasjon

- Frå initiativtakarane i laksemiljøet i Florø og Sildebordskomiteen var auka omsetnad for næringslivet i byen ein av motivasjonsfaktorane for å starte opp att med Laksens dag, og med den storleiken arangementet har fått, føler vi at dette har slått til, seier Kråkås.

- Vi er og svært nøgde med måten det lokale Røde Kors laget har teke hand om grillinga og serveringa. Harald Engevik har her vore ein viktig mann både for Røde Kors og for arrangementskomiteen, seier han på nettstaden Salmongroup.no.

BILDE: Laksens dag og bilparade 2012

...

Laksens dag i Floroø 2012.

Sjå bilde her!

BILDE: Laksens Dag 2011

...

Laurdag vart Laksens Dag opna for aller første gang. Det vart arrangert kokkekonkurransar både med "kjendisar" og ungdom. I tillegg vart det salg av laks, både rå og ferdigmat.

Sjå bilda her!


På forsiden nå


...

OL og VM-meister til Florø

Lokalnytt Szymon Ziolkowski kjem til Florø. Sett av dagen 8. juni til tidenes sleggeduell. Les meir

...

Opera-gründer skal kulturmobilisere Flora

Lokalnytt

Korleis kan eit lokalsamfunn makte tunge kulturløft, basert på frivillig arbeid? Det har kanskje Kari Standal Pavelich svar på når ho vitjar Florø 27. mai. Les meir

...

Datatrøbbel for avisene

Lokalnytt Grunna datatrøbbel hos Amedia-konsernet som følgje av flaumen på Austlandet, vil det ikkje vere muleg å ringe til kundesenteret til Firdaposten onsdag føremiddag. Men det finnest alternativ. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.