...
Foto: Dag Nesbø Frøyen

Overfalt i Eikefjord

Politiet jaktar to unge gjerningsmenn etter blind vald

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 18.08.2012 kl 10:06 Oppdatert 18.08.2012 kl 10:06

Tips ein venn på e-post:

Klokka 00.23 natt til laurdag, fekk politiet melding om at ein mann i 40 åra var blitt angripen i Eikefjord sentrum. Mannen var blitt slått ned bakfrå og sparka slik at han vart påført skadar. Det skriv politiet i politiloggen.

Mannen måtte oppsøke lege etter overfallet, og vart vidaresendt til Førde sentralsjukehus. Det skal vere to unge menn som er gjerningspersonar. Desse var ukjende for den fornærma i saka, og hendinga skjedde umotivert. Politiet har leita etter dei i Eikefjord utover natta, men utan resultat.

Dersom det er vitner til hendinga, som skjedde ved den nedlagde butikken i sentrum, ber politiet om at dei tek kontakt på tlf. 02800. Det vert oppretta sak som blir vidare etterforska av Flora politistasjon.

Litt seinare på natta, klokka 02.28, pågreip politiet ein mann i 20 åra etter melding frå publikum om promillekøyring i Florø sentrum. Han er mistenkt for køyring i rusa tilstand, og det er teke blodprøve. Han hadde ikkje førarkort. Det er uklart om han har fått lånt bilen han køyrde eller om den er stolen då ein ikkje har lukkast å kome i kontakt med bileigar. Saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon.



På forsiden nå


...

Tilrår seks politidistrikt

Lokalnytt Onsdag vart framlegg til ny organisering i politiet overlevert til Justisdepartementet. Analysen føreslår seks politidistrikt i heile landet, med region Vest beståande av fylkene Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Les meir

...

Meiner bystyret braut lova

Lokalnytt Fleire bystyrerepresentantar krev lovlegkontroll av vedtaket om å lukke møtet om avlastingstilbodet til Joakim Osland (18). No har dei bede Fylkesmannen sjå på saka. Les meir

...

Måtte reddast ned frå Hornelen

Lokalnytt Braut foten - måtte hentast av redningshelikopteret. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.