Frank Willy Djuvik (Frp) beklagar muslim-formuleringane.
Torsdag fekk Frp-politikar Frank Willy Djuvik enorm merksemd etter blogginnlegget "Eg hatar Islam og muslimar": - Eg hatar Islam, muslimar og Ap
- Eg har motteke over 1000 henvendelsar i kommentarfelt, på Facebook, mail og sms, og vil prøve å svare på alle i løpet av ei veke eller to, fortel Djuvik, som no har bestemt seg for å slette blogginnlegget.
Han beklagar formuleringane sine, og seier han ikkje ønska å såre nokon.
- Ville ikkje såre
- Eg vil uforbeholdent beklage mine formuleringar i blogginnlegget frå igår. Det var aldri min intensjon at nokon skulle verte støtt eller såra. Likevel er det det som har skjedd, og det er berre min feil, skriv han i eit nytt blogginnlegg fredag.
- Eg kan ikkje bortforklare det med at meiningsinnhaldet er noko anna enn det tittelen og delar av teksten gjer uttrykk for. Det er berre mitt ansvar å syte for at eg formulerar meg på ein måte som gjer at folk ikkje misforstår. Der feila eg totalt i innlegget frå igår, skriv han vidare.
Beklagar hat-formulering
Han beklagar sterkt at han nytta ordet hat i innlegget. Han la sjølv ein heilt annan definisjon til grunn, men innser no at han aldri skulle ha nytta eit ord som dei aller fleste opplever som ekstremt negativt lada kjensler.
- Eg overvurderte mine eigne pedagogiske evner til å klare å definere vekk dei mest negative betydningane av ordet, og eg undervurderte kraftig kva følelsar folk flest har til ordet. Dette er berre min feil, og eg beklagar det sterkt. Eg hatar sjølvsagt ikkje verken religionar eller nokon andre mennesker, uansett religion, men eg skjønnar godt at mange trur det, seier Djuvik.
- Eg beklagar til alle dei muslimane som føler seg støtt av mine formuleringar. Eg burde allereie i tittelen vore tydeleg på at eg meinte det lille fåtallet, uansett religion, som utfører kriminelle handlingar, terrorisme, eller brot på grunnleggjande fridomar. Eg har full forståelse for dei som reagerar og føler seg støtt av mine formuleringar, skriv han. Les heile innlegget her: - Eg beklagar
- Er ikkje noko offer
- Eg er i aller høgaste grad ingen offer for verken media eller andre, eg er berre offer for min eigen dumskap, forklarar Djuvik, som understrekar at bråket etter blogginnlegget kun er hans eigen skuld.