...
Foto: GUSTAV P. JENSEN

Sikker observasjon av gaupe

Sett i Botnane denne veka

Anita Ingebrigtsen
Anita Ingebrigtsen Profil E-post
Publisert 11.08.2012 kl 15:21 Oppdatert 11.08.2012 kl 15:32

Tips ein venn på e-post:

Ed Van Zijp gjekk tysdag ettermiddag på tur opp ein traktorveg som ligg bak fiskeanlegget i Botnane, mot Norddalsvatnet. Vegen er nokre kilometer lang, og ca 2–300 meter før ein kom til vatnet såg han gaupa krysse vegen.

– Eg gjekk og kika framover vegen, då eg såg dyret krysse vegen. Det varte berre i nokre sekund, men eg er 100 prosent sikker på at dette ikkje var ein rev, eller ein villkatt. Den hadde ikkje hale, nemleg, og likna veldig på ei gaupe. Eg veit forskjellen på ein rev og ei gaupe, og eg er sikker i mi sak, dette var ei gaupe, seier han.

Nær folk

At ei gaupe er så nært busetjing i Botnane er uvanleg, og gaupa har ikkje vore observert i Bremanger på mange år.

– Vi gjekk opp neste dag heile familien, men då kunne vi verken sjå spor eller noko teikn på at gaupa hadde vore der. Og så er det jo alltid slik at når ein kjem igjen dagen etter er ein aldri heilt sikker på nøyaktig kor ein såg dyret, fortel Zijp.

Ed Van Zijp arbeider som naturforvaltar i ein naturvernorganisasjon i Holland, og er på ferie for fyrste gong i Botnane. Opplevinga set han svært høgt, og seier han neste gang skal ha kameraet klart.

Vil be om lisens til å skyte den

Sauebonde Anita Aase Heimtun, seier ho mista nokre lam i fjor.

– Eg kan ikkje seie om lamma forsvann på grunn av gaupa, vi fann dei aldri att, verken kadaver eller noko. Sjølv har eg ikkje sett noko, eller merka noko uro på dyra. Vi har både geiter her på Sagebø, og sauer i utmarka, men førebels har det vore stilt og fredeleg, seier Heimtun.

Ho fortel vidare at om det har etablert seg gaupe i nærmiljøet kjem ho til å søkje om løyve til å skyte den.

– Dyra våre går på sommarbeite over eit stort område på fjellet. Sjølvsagt kan det også vere ørn som tek lam, eller rev men vi har ikkje mista lam i år, seier ho.

Gaupa har raudbrun pels med svarte flekker i varierande mengd. Pelsen skiftar farge om våren og hausten. Om sommaren er den rødgrå og om vinteren er den gråkvit.

Flekkene er synlege heile året, men flekkmønster og farge varierer i ulike geografiske område. Tidlegare skilte ein mellom følgjande gauper utfrå flekkmønster: kattegaupe, revekaupe eller ulvegaupe. På dei spisse øyra har den svarte hårdusker, den har kort hale og kraftig kinnskjegg. Gaupa er kraftig og kan bli opp til 120 centimeter lang, 60–75 cm høy og vege opptil 25 kilo. Den er langbeint og har store potar utstyrt med lange klør som kan trekkjast inn, akkurat som hos katten. På framføtene har den fem tær, medan den berre har fire på bakføtene. (Kjelde WWF).



På forsiden nå


...

Ny Åsen opp-rekord

Sport Aldri før har det vore så mange deltakarar under Åsen opp som på laurdag. Les meir

BILDE: "Berre digg" laurdag

...

Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" vart arrangert i havnebassenget i Florø laurdag.

Stor bildeserie her!

KVA MEINER DU?

Etter di meining, bør konfirmasjonsundervisning gå føre seg i skuletida?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 191

...

Stefan sette to straffar

Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.