Eit tilfredsstillande passasjergrunnlag og ein forventa auke til hausten gjer at DAT opprettar enda ein avgang mellom Florø og Stavanger.
Det stadfester DAT-sjef Jesper Rungholm. Sidan 16. januar har DAT hatt direkterute mellom Florø og Stavanger, den første heilkommersielle ruta i Sogn og Fjordane. Talet avgangar tur- retur har no auka frå tre til fire.
Under oppstarten sa DAT-sjefen at sjølv om dei ikkje vann anbodet på Florø-Oslo og Florø-Bergen ville dei halde fram Stavanger ruta, vel å merke om den var lønnsam. Dette blei tatt vel i mot av oljenæringa og andre selskap lokalt.
- Dei sette stor pris på at vi starta ruta og vi har hatt god oppslutning lokalt, seier Rungholm som er svært fornøgd med oppslutninga.
Han sit ikkje på nøyaktige passasjertal frå våren, men meiner tala fram til sommaren har vore tilfredsstillande.
Passasjertalet utvikla seg bra på våren og da skiftet kom 1. april og Widerøe tok over dei andre rutene gjekk det markant opp til motsetning frå det ein trudde, mykje grunna at rutetidene er betre og billigare, seier Rungholm.