...
EIT PERFEKT LOKALE: Gitte Kroppan er godt nøgd med å ha sikra seg lokalet i Strandgata til nysatsinga si, "Lille Marked" som opnar i september. Foto: David E. Antonsen

"Lille Marked" i rute, opnar i september

Om ein månads tid har Florø og Strandgata på plass eit nytt kafé- og fetevaretilbod.

Publisert 01.08.2012 kl 11:45 Oppdatert 01.08.2012 kl 11:57

Tips ein venn på e-post:

Reaksjonane har vore svært positive etter at Firdaposten tidlegare i sommar presenterte gladnyheita at kokken Gitte Kroppan flytter heim frå Bergen for å opne kafé, delikatesse- og fetevareforretning i dei gamle parfymerilokala i Strandgata.

- Slik det ser ut no, blir det opning tidleg i september. Alt utstyr som barbeidsbenkar, kjøl og inventar er sett i bestilling, men vi kan ikkje fastsette ein endeleg opningsdato før vi veit at alt utstyret er på plass, seier Kroppan til Firdaposten.

Gitte har fem års erfaring frå det populære konseptet "Colonialen kjøkken & fetevare" i Bergen, der ei anna florøjente har vore sentral i oppbygginga, nemleg Laila Skorge. No dreg Gitte heim for å satse og ho legg ikkje skjul på at mykje av konseptet frå Bergen vil bli teke med heim til "Lille Marked".

- Det blir mykje gode ostar og kvalitetsvarer. Men målet er ikkje kun å selje dyre delikatessar. Like viktig blir det å skape ein ny og triveleg samlingsplass for folk, der ein kan stikke innom og nye kvalitetskaffi, til dømes. Eg meiner både beliggenheita og lokalet er perfekt for dette, seier ho.

Det nye konseptet kjem også til å satse på lukka selskap og på cateringtilbod.

I løpet av hektiske sommarveker har det skjedd mykje i det gamle parfymerilokalet. Etter pålegg frå Arbeidstilsynet er det bygt handikaptoalett, og det er laga ny nødutgang. No ventar Kroppan på serveringsløyve og på svar frå Flora kommune på søknaden om løyve til skjenkjing.

Når det gjeld bemanning kjem Gitte Kroppan til å gå forsiktig ut.

- Eg har ein mann som driv to restaurantar i Bergen som vil avlaste meg innimellom, i tillegg har eg sikra ei laurdagshjelp. Utover det blir det eigeninnsats. Eg skulle også ønskt å tilsetje ein person til i halv stilling. Det ville frigjere tid for meg til å lage eigene brød og bakevarer, men det får vi sjå på etter kvart, seier ho.



På forsiden nå


...

Ny Åsen opp-rekord

Sport Aldri før har det vore så mange deltakarar under Åsen opp som på laurdag. Les meir

BILDE: "Berre digg" laurdag

...

Bil-, båt og fritidsmessa "BERRE DIGG" vart arrangert i havnebassenget i Florø laurdag.

Stor bildeserie her!

KVA MEINER DU?

Etter di meining, bør konfirmasjonsundervisning gå føre seg i skuletida?

Ja
Nei
Veit ikkje

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 16

...

Stefan sette to straffar

Lokal fotball Stefan Aase stod for to straffemål då Florø SK vann mot Lyngbø laurdag. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.