Men lakselus-problemet er kanskje overvurdert.
Trass i to gode laksesongar i Vestlandselvane, er totalinnsiget av laks til norske elvar framleis på eit historisk lågmål. Det konstaterer Vitenskapelig råd for villaksforsking i sin ferske rapport for 2011.
Det er særleg smålaksen som uteblir, medan mellomlaks (3-7 kilo) har hatt ein betydeleg auke i 2011 i dei fleste elvar i Vest- og Sør-Norge. Rådet meiner den positive utviklinga for mellomlaksen skuldast betre overlevingsvilkår i havet, til dømes med omsyn til mattilgang, og den same positive utviklinga er konstatert også i Sverige, Frankrike, England, Wales, Nord-Irland og Skottland.
Lite lusepåverka
Det store innsiget av mellomlaks gav god oppnåing av gytebestandsmåla i nesten alle villaksbestandane sør for Hustadvika i Møre og Romsdal i fjor. Denne laksen stammar primært frå smolt som vandra ut i havet våren 2009, og lakselus og andre påvirkningsfaktorar frå oppdrett synest ikkje å ha virka sterkt på overlevinga til smolt frå mange av vassdraga i region Vest-Norge i 2009, skriv Villaksrådet.
Denne noko oppsiktsvekkjande konklusjonen er nok godt nytt for norske oppdrettarar, som i mange år har fått skulda for svake laksebestandar på grunn av mykje lakselus i fjordmunningane rundt oppdrettsanlegga.
- Det er nok rett at dei store variasjonane og den sterke nedgangen i innsiget av laks til elvane våre ikkje kan forklarast av lakselus-problemet åleine. Totalt sett er nok andre faktorar vel så viktige. Lusa er likevel ein konstant, negativ faktor som ligg der anten den forårsakar ein dødelegheit på ti, 20 eller 40 prosent. Her er tala usikre. Men trusselbiletet er uansett samansett og handlar definitivt meir enn om lakselus, seier forskar på fiskesjukdomar ved Universitetet i Bergen, Jon Anders Stavang.
Auka medisinbruk
At rømt oppdrettslaks utgjer eit genetisk trugsmål mot fleire villaksstammar er eit faktum. Men Stavang ser ingen direkte samanheng mellom rømming og problematikken laks vs. lakselus. Derimot peikar han på ein annan faktor som skapar mørke skyer i villakshorisonten:
- Bruken av medisinar i oppdrettsnæringa har auka markant igjen dei tre-fire siste åra. Det er ikkje oppdrettsnæringas feil åleine, men meir eit resultat av stadig strengare krav frå styremaktene som igjen fører til at næringa må medisinere meir. Vi sit no på ferske data som tyder på at meir medisinbruk fører til ein raskare livssyklus hos lakselusa. Den blir meir aggressiv, kombinert med at den blir resistent for medisinering. Denne utviklinga er bekymringsfull, konstaterer forskaren.
Til Spania for å forske
Stavang skal i løpet av hausten til Barcelona for å lære seg ny forskingsmetodikk og få opplæring i bruk av heilt ny teknologi innan genforsking. Det spansk-utvikla utstyret meiner Stavang vil vere svært nyttig for å studere lakselusa og korleis den så raskt kan byggje resistens mot medisinering.
- Det blir to lengre opphald der nede. Målet er å hente teknologi og metodikk heim og anvende denne ved Universitetet i Bergen innan forsking på fiskesjukdomar, seier han.
Vitskapeleg råd for villaksforsking konstaterer også at med unnatak av Tanavassdraget, utgjer ikkje sportsfisket etter laks noko trugsmål for bestandane i norske elvar.