Florø barneskole har tilfredsstillande testing av norskkunnskapen til skulens framandspråklege barn.
Flora kommune og Florø barneskole kom bra frå tilsynet Fylkesmannen hadde i vår om norskopplæringa til framandspråklege barn. Tilsynet undersøkte særleg om kommunen oppfylde lovkravet om å teste norskkunnskapen til framandspråklege før dei får styrkt norskundervisning. Men og om andre rettar til ungane frå denne gruppa vert godt nok tekne vare på. Fylkesmannen sine kontrollørar fann ikkje svikt i rutinar i høve til regelverk, og såg såleis ingen grunn til å komme med påbod etter tilsynet i Flora. Berre barneskolen var med på tilsynet av skulane.