Ei 19 år gamal jente omkom i ei bilulukke mellom Førde og Naustdal onsdag kveld. Politiet har frigitt namnet på den omkomne.
Det opplyser AMK til NRK klokka 01.40, natt til torsdag. Politiet fekk melding om ulukka 22.23. Torsdag føremiddag gjekk politiet ut med namnet.
Omkom
Politiet opplyser at den omkomne er Eva Nedrebø frå Førde i Sunnfjord. Vedkommande sat fastklemd i bilen, og det tok 20 minuttar å få ho laus.
Det var to personar i bilen, den 19 år gamle jenta og ein 17 år gamal gut. Passasjeren fekk lettare skader etter ulukka. Hendinga skjedde på riksveg 5, kring 4 kilometer frå Førde i retning Naustdal.
Ukjend årsak
– Bilen har truleg kome frå Florø i retning Førde, men det kan eg ikkje bekrefte, seier Stian Romslo, innsatsleiaren til politiet til NRK. Om det er tilfellet har bilen kryssa over i motsett køyrefelt før køyretyet traff fjellveggen.
– Det som møtte oss når vi kom hit var ei lita rekke med bilar på kvar side. Bilen stod i fjellvegen nede ved grøfta, seier Leif Otto Olsen i brannvesenet i Førde.
Det var ikkje fleire bilar involvert i ulukka.