- I dag vil vi fokusere på å sjå framover, seier ungdomspolitiker Erlend Bøe etter å ha haldt appell på minnemarkering for 22.juli.
Klokka fem søndag var 200 menneske samla på Haffen for å minnast det som skjedde for 365 dagar sidan.
Flott markering
Under dei kraftige trebjelkane som pregar ungdomshuset på kaia i Florø står folk tett i tett. Kring 200 menneske har samla seg for å minnast terroråtaket for eit år sidan. Fleire stearinlys set stemninga, og folk står og pratar lavmælt. Når dei orda byrjar å straume gjennom høgtalarane og markeringa er byrja, er publikumets ansikt prega av ettertanke. Nokre let tårene straume nedover kjakane.
- Det vart ei flott markering. Folk byrja å straume på like før vi skulle byrje, seier medarrangør Karianne Torvanger.
- Folk har behov for å samlast. Det er berre gått eit år, og dei fleste har det friskt i minne, seier Erlend.
Under markering sang Kristin Skau "Til Ungdomen" og "What a Wonderful World" saman med Eirik Husabø på keyboard.
- Sjå framover
- Vi ville bruke dagen på å sjå framover, seie Erlend Bøe.
Erlend presiserer at frammøte viser at alle kjenner seg berørt og har behov for å kjenne tilhørigheit i dag.
- Det var nydeleg at så mange tok turen for å minnast det som skjedde, seier han.
I tillegg til programmet kunne dei som ville settje sitt handavtrykk på eit lerret som var lagt fram. Mange smørte maling på handa for å setje sitt trykk 22. juli-banneret.
- Vi vil overlevere banneret til ordføraren. Grunnen til handavtrykk-lerretet var å lage eit minnesmerke for dagen i fjor som vi aldri vil gløyme, seier Bøe.