Søndag blir tragedien som råka Norge 22. juli i fjor markert over heile landet – også på torget i Florø.
22. juli skal dei som vart direkte råka av terroren på Utøya samlast på øya for ei markering. Men det er ikkje berre dei overlevande og pårørande som føler behov for å samlast til ettertanke. Terroråtaket ramma ein heil nasjon.
– Det er mange av oss som har behov for å møtes på søndag. For vi vart alle råka den dagen i fjor. Vi treng alle ein plass å gå, seier Karianne Torvanger (Ap). Ho er ei av initiativtakarane til samlinga på torget.
Programmet
Under markeringa vil tidlegare ungdomsordførar Erlend Bøe frå Unge Høgre halde ein appell.
– Både eg og Karianne merkjer at dei gode verdiane i samfunnet har blitt styrkja etter 22. juli; både ytringsfridommen, samhaldet og engasjementet, seier han.
Arrangementet byrjar klokka 17.00 og er forventa å vare ein time. Haffen vil vere open for dei som vil setje seg ned og ta ein prat.
- Alle er i same båt
Under arrangementet søndag skal ungdomspolitikarane i Flora setje handavtrykka sine på eit banner, for å markere at vi alle er i same båt, uansett parti.
Etter arrangementet vil det bli servert gratis kaffi, vaflar og kake på Haffen, og inne vil den nasjonale markeringa i Oslo visast på ein TV-skjerm.
Her kan du sjå sendinga frå den nasjonale minneseremonien 21.08.2011 i Oslo.
Firdaposten tok seg ei runde i byen for å sjå kva folk brukte det fantastiske vêret pinseaftan til.
Sjå bilete