...
Denne suspekte gjengen har vore observerte i farvatna rundt Askrova den seinare tid. Dei håpar å få selskap av fleire artsfrender under fiskekonkurransen kommande laurdag. F.v. fiskegeneral Jan Arne Holm, Henning Haugholt og TERJE Svardahl. Foto: Veronika Strømme

Hiv og hoi - snart er fisken vår!

Kommande laurdag er det klart for den årlege fiskekonkurransen på Askrova - i år med ein ny vri.

Liv Standal
Liv Paula Standal Profil E-post
Publisert 17.07.2012 kl 11:42 Oppdatert 17.07.2012 kl 11:42

Tips ein venn på e-post:

Henning Haugholt i grendelaget fortel at dei i år går for pirat-tema.

– Vi håpar folk vil komme utkledde som sjørøvarar, og vi vil vere behjelpelege med ansiktsmåling til dei små piratane - ja, til dei store og, for den del, seier Haugholt.

Lokal utfordrar

Fiskekonkurransen opererar som vanleg med fire klassar: Den største fisken, den største fangsten (totalt antal kilo), flest fisk (antal) og den mest originale fisken. Ein har to og ein halv time på seg frå klokka tre og framover til å bokstaveleg talt hale i land sigeren.

Magne Svardahl i grendelaget har tidlegare gjort det godt og raska med seg fleire premiar i konkurransen.

– Han kan bli hard å slå, han er skikkeleg på hogget i år, sler Haugholt fast.

Men også damene har gjort det bra i denne fiskekonkurransen – i 2010 var det faktisk damene som stakk av med samtlege premiar. Det har askrovingane ingenting i mot – faktisk er dei ikkje verre på det enn at dei stryk påmeldingsavgifta dersom det kjem reine «damebåtar» og melder seg på. Og skulle det vere slik at du manglar båt, men har lyst å vere med og fiske, fiksar dei det og. Men då må du gi beskjed til anten Haugholt eller Terje Svardahl.

Vaksne sjørøvarar

Men det vert også aktivitetar på land utover dagen, hovudsakleg for ungane. Eliasbåten kjem sjølvsagt, og som tidlegare nemnt vil det vere mogleg å få den rette piratlooken om ein kjem utkledd.

Det vert også sal av fiskesuppe laga på lokale rå-varer, grillmat og forfriskningar av ulikt slag. Om kvelden er det tid for å slå seg laus med fiskeskrøner for piratane på Krisen Kro. Her vil det bli delt ut premie for beste mannlege og kvinnelege pirat, og sjørøvarane og -røvarinnene kan svinge seg til lokal DJ.

Haugholt håpar på mange deltakarar, og har ei viktig oppfordring til sist:

– Hugs at også sjørøvarar bør vise sjøvett og bruke redningsvest på sjøen!

Det er i år åttande gong at fiskekonkurransen vert arrangert, og bygdelaget ser på den som viktig, både for lokalbefolkninga og for å få vist fram øya si for tilreisande og turistar.



På forsiden nå


...

Klar for eit slag?

Sport Flora golfklubb markerer at bana er open med golfturnering søndag. Les meir

...

Snart storinnrykk av seglbåtar

Sport Fredag kveld kjem 54 seglbåtar til Florø, og laurdag og søndag arrangerer Florø Seilforening Norgescup i segling. Les meir

FOTBALL LIVE

Florø - Lyngbø lørdag 25. mai. kl. 15:00
Kampstart om 0 dager 5 timer 35 minutter 30 sekunder
Følg kampen LIVE

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.