...
Magne Elde. Foto: Arve Solbakken

- Driv reiseliv på dugnad

- Eg klarer ikkje å sjå det fantastiske reiselivet i Bremanger alle snakkar om. Det er nesten ikkje utleigemulegheiter att i Ytre, seier Magne Elde.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 14.07.2012 kl 11:43 Oppdatert 14.07.2012 kl 12:22

Tips ein venn på e-post:

Han er tidlegare styreleiar i Bremanger Brygge.

Selskapet har no gått til det steg å måtte selje sjøbuene i Iglandsvik. Det er ikkje lenger økonomisk forsvarleg å drive reiseliv på si i Ytre Bremanger.

– Bremanger skal vere ein reiselivskommune, men eg har knapt sett noko til dette sidan vi starta med Bremanger Brygge, seier Magne Elde.

Stup i talet utleigeeiningar

For sidan storsatsinga på sjøbuer og småskala utleigemulegheiter i Bremanger i byrjinga av 2000-talet har pilene berre peika ein veg: Nedover.

På få år har talet på utleigeeiningar i Ytre Bremanger gått drastisk ned, frå 32 til 12.

Etter det Firdaposten kjenner til har Igland Hytter måtte slutte leige ut fire einingar, Eikeseth Havbu har måtte avvikle fire einingar, og på Berle, Ryland og i Smørhamn har ein måtte avvikle i alt sju utleigeeiningar.

Dette kjem på toppen av dei fem einingane ved Bremanger Brygge som no ligg ute for sal.

– Kvifor det vart slik veit eg ikkje. Vi hadde ein god start, men dei siste par åra har det vore vanskeleg. Overnattingsbiten er minimal, seier Elde.

Ikkje unikt for Bremanger

Men situasjonen er ikkje unik for Bremanger.

Fredag skreiv NRK Sogn og Fjordane at småskalareiselivet i Solund opplever det same. Sesongen er nemleg for kort, så det å drive småskala på sida av fast jobb kan i beste fall kallast ein uforsvarleg dyr hobby.

– Det er veldig tidkrevjande å drive med utleige, og det krev mykje arbeid. For å overleve er ein nøydd til å ta seg fullt arbeid på sida. Men denne kombinasjonen er vanskeleg å få til å gå i hop. Ein kan ikkje drive reiseliv på dugnad, og berre basere seg på tilfeldig forbipasserande og dagsturistar, seier Elde.

Ser inga framtid

Han saknar også effekt av dei mange filmsatsingane i Bremanger, som skulle skape ringverknader i reiselivet.

– For å seie det som det er, kan eg ikkje sjå at det har gjeve resultat i det heile. Eg skulle ønskje vi brukte energien på noko anna, seier Elde.

Og han ser ikkje føre seg at det skal vere enklare å drive reiseliv i Ytre Bremanger i nær framtid. I alle fall ikkje småskala. For situasjonen er annleis for dei større aktørane.

– For Ytre sin del vil det bli veldig vanskeleg å få kroner og øre ut av småskala reiseliv, men større aktørar som Knutholmen i Kalvåg har fått det til, seier Magne Elde.



På forsiden nå


...

Fekk millionkontrakt på fôrfabrikk i Trøndelag

Lokalnytt Fokus Elektro har inngått fleire store kontraktar, og har no rekordstor ordrereserve, fortel dagleg leiar Svein Nødseth. Selskapet skal mellom anna jobbe på Marine Harvest sin nye fôrfabrikk i Bjugn. Les meir

...

Listetopp vitja verftet

Lokalnytt – Vi er her for å lære om industrien i Florø og kva dei meiner vi burde legge vekt på i partiprogrammet, seier Trude Brosvik. Les meir

...

Gudsteneste 520 meter over havet

Lokalnytt Måndag heldt Tore Myklebust friluftsgudsteneste 520 meter over havet, med panoramautsikt over Svelgen som bakteppe. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.