Kalema William Mutabazi går i desse dagar frå dør til dør i Flora, for å selgje bøker. Det gjer han for å gje familien i Uganda ein betre kvardag.
- Mange blir redde når eg står på døra. Det må dei ikkje vere, smiler William og smiler breitt. Han har ein heilt spesiell sommarjobb. I heile sommar går han nemleg frå dør til dør for å selge bøker på vegner av Norsk bokforlag. Ein del av salsinntektene kan han ta med seg attende til Uganda.
- Det gjer eg for å forsørge kona mi og våre tre døtre, seier William. Men det han opplever på sin salsturne i Norge er ein heilt annan verden enn det han er van til frå heimstaden i Uganda. William og familien måtte flykte til Uganda etter folkemordet i Rwanda, og bor no i eit veldig lite hus dei leiger.
William studerer økonomisk utvikling ved universitetet Bugema i Uganda, og det er gjennom eit studentprogram ved dette universitetet han fann sommarjobben for Norsk bokforlag.
- Ved å få ei god utdanning håper eg å kunne skape eit betre liv til meg og familien min, seier han.
Han understrekar også at betalingsterminalen han ber med seg er knytt direkte opp mot bokforlaget.