...
GRILLKONSERT: Laurdag ettermiddag kan du få med deg Jonas Fjeld Duo på Musikk-weekend i Bremanger. Foto: Kjartan Hjermann Døhlie.

Gjensyn med Jonas Fjeld

I år fyller Musikk-Weekend i Bremanger fem år, og for å feire seg sjølv slår arrangørane på den musikalske stortromma, og inviterer blant anna til familiekonsert med Jonas Fjeld og konsert med Mike Anderson Band.

Publisert 12.07.2012 kl 10:49 Oppdatert 12.07.2012 kl 12:49

Tips ein venn på e-post:

I helga vil festivaldeltakarane kunne få med seg vakre tonar frå Jonas Fjeld Duo, Mike Anderson Band og Frode Alnæs.

På fredag opnar Havly dørene for konsert med Mike Anderson Band frå Danmark. Monica Hauge samanliknar bandet med den kjende norske artisten Jarle Bernhoft.

- Dei spelar ein Bernhoft-aktig soulmusikk. Utruleg fengjande og vakkert, seier Hauge.

Neste på plakaten er familiekonsert med Jonas Fjeld laurdag ettermiddag. Tradisjonelt sett har ettermiddagskonserten på grillinga bak Havly vore prega av lokale artistar.

- Det nye i år er at Jonas Fjeld vert med og underheldt under grillinga, etter at dei lokale artistane har vore på scena. Dette er eit arrangement som passar for folk i alle aldrar, seier ho.

Det er nok billettar igjen førebels.

- Vi er ganske sikre på at laurdagen vert raskt utseld, og eg er i tvil om det kjem til å vere billettar att ved døra i helga. Difor oppmodar vi til å kjøpe på førehand. Helgepassa forsvann rimeleg fort, seier ho.



På forsiden nå


...

Snart storinnrykk av seglbåtar

Sport Fredag kveld kjem 54 seglbåtar til Florø, og laurdag og søndag arrangerer Florø Seilforening Norgescup i segling. Les meir

FOTBALL LIVE

Florø - Lyngbø lørdag 25. mai. kl. 15:00
Kampstart om 0 dager 8 timer 26 minutter 44 sekunder
Følg kampen LIVE

...

Arbeidarpartiet: Skulekutta må komme i Nordfjord

Lokalnytt Representantskapet til Arbeidarpartiet var ikkje så veldig konkret i kva dei meiner om skulebruksplan-framlegget. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.