...
Bengt Solheim-Olsen er fortvila over ein svært lite lydhøyr statsråd Ola Borten Moe. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Treng hjelp frå Stortinget

Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) stiller skulder til skulder med dei på Storebru som må flytte om 420 kV-linja kjem.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 11.07.2012 kl 12:00 Oppdatert 12.07.2012 kl 10:25

Tips ein venn på e-post:

Onsdag sende ordføraren ein e-post til Høgre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet sine fylkesrepresentantar på Stortinget, med ei heilhjarta bøn om draghjelp. Målet er å få Statnett til å justere traseen for linja slik at den i størst mogleg grad sparer innbyggjarane i Eikefjord og på Storebru.

- Eg har full forståing for at innbyggjarane på Storebru er fortvila, men dei må skyte på dei som har ansvaret. Det er ikkje Flora kommune som har ansvaret her, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) etter at Firdaposten tysdag skreiv om dei familiane som må flytte frå gardane dei har budd på i generasjonar grunna 420 kV-linja. Dei meiner det nye bystyret har gjort for lite.

Til svar viser ordføraren fram ein solid bunke brev og referat frå møter med både Statnett og Olje- og energidepartementet (OED). Gjennom fleire brev, det siste til Statnett datert 3. juli, har kommunen forsøkt å få endra trasevalet, utan at dei har vore lydhøyr for innspela.

I tillegg har stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) også teke dette opp direkte i spørjetimen.

Men ministeren er urokkeleg. Trass i tilrådinga frå kommunen, fylket, Statnett og NVE, står Ola Borten Moe fast på at linja skal liggje der han har bestemt. Dermed står vedtaket fast.

Flora-ordføraren godtek at linja må gå gjennom kommunen ein eller annan stad. Men det må vere rom for justeringar, poengterer han.

På forsiden nå


...

OL og VM-meister til Florø

Lokalnytt Szymon Ziolkowski kjem til Florø. Sett av dagen 8. juni til tidenes sleggeduell. Les meir

...

Opera-gründer skal kulturmobilisere Flora

Lokalnytt

Korleis kan eit lokalsamfunn makte tunge kulturløft, basert på frivillig arbeid? Det har kanskje Kari Standal Pavelich svar på når ho vitjar Florø 27. mai. Les meir

...

Datatrøbbel for avisene

Lokalnytt Grunna datatrøbbel hos Amedia-konsernet som følgje av flaumen på Austlandet, vil det ikkje vere muleg å ringe til kundesenteret til Firdaposten onsdag føremiddag. Men det finnest alternativ. Les meir

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.