...
MÅ FLYTTE: Gunnvald og Marianne Stegane, her med barnebarna Aron (1,5) og Kasper (9) og nabo Asbjørn Sørdal. Kjem 420 kV-linja, vil ikkje Aron og Kasper vekse opp her på Storebru. Foto: David E. Antonsen

Får 420 kV-linja gjennom tunet

Om traseen for 420 kV-linja blir som bestemt av OED, vil fleire familiar måtte sjå seg om etter ein ny stad å bu.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 10.07.2012 kl 12:00 Oppdatert 12.07.2012 kl 10:18

Tips ein venn på e-post:

- Om vi ser ein generasjon framover i tid, er det ikkje folk att på Storebru. Unge familiar kjem ikkje til ville å busetje seg her, med strålefaren og utsikt mot ei stor kraftline. 420 kV-linja kjem til å leggje Storebru brakk.

Det seier Marianne og Gunnvald Stegane på Eikevoll på Storebru.

Får kraftlina på tunet

Det er måndag morgon, og sola skin over den nyslåtte bøen på barndomsheimen til Gunnvald. Like attmed bur dottera og svigersonen og to små ungar. Dette er ein fantastisk flott plass å vekse opp på.

Men idyllen her ved Storelva ein tidleg morgon er berre mellombels. Om 420 kV-linja kjem slik Olje- og energidirektoratet har gått inn for, vil situasjonen bli ein heilt annan.

Fjøsen vil då liggje 65 meter frå linja, vel innafor dei 100 meterane som reknast som risikosona for strålingsfare. Verre er det med dottera sitt hus. Fem meter frå husveggen går 100-metersona. Gunnvald og Marianne sitt hus ligg 140 meter frå.

Vil måtte flytte

Vi er veldig i tvil om vi skal flytte eller ei. Det hadde jo vore forferdeleg å måtte flytte frå barndomsheimen, seier Gunnvald.

Men dottera og svigersonen bur nærare kraftlina. Med berre fem meter til strålingsgrensa og to små ungar springande ute på tunet, har dei ikkje store valet. Familien må flytte. I tillegg har sonen deira, som etter planen skulle flytte heim att frå Jølster og ta over heimgarden, sagt at det ikkje blir aktuelt med monstermasta i nabolaget.

Kor er bystyret?

Flytte må også nabo Asbjørn Sørdal. Fjøset hans, barndomsheimen som han bur i, og eitt hus til må jamnast med jorda. Alt ligg vel innanfor strålingsgrensa. Fjøsen ligg berre ti meter frå masta.

Det blir heilt feil å bli pressa vekk frå barndomsheimen sin, spesielt når det opprinnelege alternativet var å spare busetnaden her og heller leggje linja i fjellet, seier Asbjørn og ristar på hovudet.

For naboane er tydeleg på at dei føler seg tråkka på og ignorert av storsamfunnet rundt dei.

Både NVE, Statnett, fylkeskommunen og Flora kommune gjekk inn for alternativet over Svarthumle. Under synfaringa sa dei attpåtil «her vil det aldri komme noko linje». Dei ville spare oss. Då er det underleg at OED og Olje- og energiminister Ola Borten Moe vel å sjå vekk frå desse tilrådingane, og legg linja tvers over gardane våre i staden, seier Gunnvald.

Dei føler seg også svikta av det nye bystyret i Flora, som dei meiner har gitt opp saka så altfor lett, utan noko vidare kamp.

- Lokalpolitikarane har svikta oss. Dei har ikkje gjort noko som helst for å endre situasjonen, seier Marianne.

Gunnvald legg til at dei i alle fall ikkje kjem til å gje opp kampen for husa sine så lett:

- Dette er barndomsheimen min, understrekar han.

...
TRASEEN: Her, til venstre for den eksisterande linja, vil 420 kV-linja liggje. Storebru er til venstre for det att.


På forsiden nå


...

Klar for eit slag?

Sport Flora golfklubb markerer at bana er open med golfturnering søndag. Les meir

...

Snart storinnrykk av seglbåtar

Sport Fredag kveld kjem 54 seglbåtar til Florø, og laurdag og søndag arrangerer Florø Seilforening Norgescup i segling. Les meir

FOTBALL LIVE

Florø - Lyngbø lørdag 25. mai. kl. 15:00
Kampstart om 0 dager 6 timer 0 minutter 32 sekunder
Følg kampen LIVE

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.